Viktig melding

Lukk meldinga

Ny koronavaksine på veg

Nå kan alle over 65 år få fjerde dose koronavaksine. Kommunane på Jæren vil snart ta i bruk ei oppdatert koronavaksine frå Pfizer/Biontech.

Kvinne setter sprøyte i armen på en person - Klikk for stort bilete  

Denne vaksinen vert gitt som oppfriskingsdose, og gir noko betre beskyttelse mot omikronvarianten.  

Den nye vaksinen har fått namnet Comirnaty Original/Omikron BA.1. Har du allereie teke fjerde dose treng du ikkje ta denne i tillegg.  

 

Same beskyttelse

- Den nye vaksinen gir omtrent same beskyttelse mot alvorleg sjukdom som den opphavlege vaksinen, men gir noko betre beskyttelse mot å bli smitta av omikron, seier kommuneoverlege i Time, Øystein Øgaard.  

 

Neste veke

Den nye vaksinen kjem til Klepp og Hå i veke 37 og til Time i veke 38. Kommunane vil fram til det vaksinera med opphavleg vaksine.

Dei som har bestilt tid for oppfriskingsdose, men ønsker å vente på den nye vaksinen, kan utsetta timen. Den nye vaksinevarianten skal berre brukast som oppfriskingsdose, det vil seia dose 3 og 4. Grunnvaksineringa, dose 1 og 2, vil framleis vera med opphaveleg vaksine. 

 

Her kan du bestilla 4. dose

Slit du med det digitale, har du kanskje ein nabo eller nokon i familien til å hjelpa deg med å bestilla tid? Viss ikkje så kan servicetorget (Tlf 51 79 30 00) hjelpa deg med å bestilla. 

Vaksinering:

💉Nærbø helsesenter 15. september klokka 16.00-20.00

Drop-in kl 16-19.