Bilete

foreløpig toppbilde - Klikk for stort bilete

Fastsatt planprogram, Varhaug sentrum

Hå kommune har starta arbeidet med kommunedelplan for Varhaug sentrum. Planprogram med ny planavgrensning vart vedteke av kommunestyret 14. desember 2017. Planavgrensning ortofoto - Klikk for stort biletePlanavgrensning ortofoto

Kva er nytt?
Før planprogrammet vart fastsatt av kommunestyret 14. desember i fjor, var det ute på offentleg høyring frå 5. september til 10. oktober. Ut frå innspel frå høyringa, og nye vurderingar, foreslo Rådmannen nokre mindre endringar i planprogram og ei utviding av planområdet aust for jernbanelinja, som deretter blei vedteke av kommunestyret. De kan laste ned vedteke planprogram og avgrensning i menyen til høgre. Nye partar i saka får eige brev om utvidinga. Utvidinga sikrar handlingsrom på austsida av jernbanelinja i høve til kryssing av jernbanen for gåande og syklande, kommunale tenester og utvikling av sentrumsnært transformasjonsområde.

Kva skjer vidare?
Dei neste månadane inviterer kommunen innbyggjarane til medverknad i planarbeidet. Me kjem til å annonsera nærare når opplegg og datoar er klart. 
Me har papirutgåve av planprogrammet tilgjengeleg i servicetorget på rådhuset.

Folkemøte
Me planlegg eit ope informasjonsmøte på rådhuset i mars. Her vil me informera om planarbeidet og lansera første gjestebod. Det blir og høve til å stilla spørsmål. Me vil annonsera dato og klokkeslett når dette er klart. Viktig nytt blir annonsert i Jærbladet og på heimesida til kommunen.

Medverknad ved bruk av gjestebodsmodellen
Kommunen vil invitera til første gjestebod etter påske. Det blir etter planen to gjestebod, og me arbeider no med tema og innhald for det første, ut frå erfaringar frå Nærbø. Gjestebodsmodellen går ut på at personar meldar seg for å vere gjestebodsvert, som så får i oppgåve å samla venar og kjende dei vil ha med for å diskutera ulike tema som angår Varhaug sentrum. Etter ei rimeleg tid, vil me samla gjestebodvertane og andre til ein verkstadkveld der me diskuterer innspela vidare. 
Vil du vera gjestebodvert? Det er høve til å melda seg allereie no.

Målet med planarbeidet
Kommunedelplan for Varhaug sentrum skal fastleggja dei overordna måla og rammene for utviklinga av Varhaug sentrum i åra framover. 
Eit planprogram er ein skildring av planprosessen og kva som skal arbeidast med. Det legg grunnlaget for kva og korleis me i kommunen skal utarbeide planen, og korleis de som innbyggjarar kan medverke. Planprogrammet gjer og reie for dei overordna rammene og utfordringane som ligg til grunn for planen.


Har du innspel?
Du kan bruke skjemaet til høgre, eller senda innspel merka med Varhaug sentrum, til postadresse:
Hå kommune
Tekniske saker og næring
PB 24
4368 Varhaug

På e-post: teknisk@ha.kommune.no


Har du spørsmål til planarbeidet?
Ved spørsmål eller kommentarar til planarbeidet, ta kontakt med saksbehandlar i Hå kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren:
E-post: rasm@ha.kommune.no Tlf: 51 79 31 35

 

Planavgrensning, reint kart - Klikk for stort biletePlanavgrensning, reint kart

Kontakt

Rolf Aleksander Svensen Mellgren
Arealplanlegger
Telefon: 51 79 31 35
Fann du det du leita etter?