Budsjett og økonomiplan 2018-2021

Rådmannen la i dag fram sitt forslag til budsjett for 2018 og økonomiplan for perioden 2018-2021

Økonomisjef Bente C. Iversen og Rådmann Anne Berit Berge Ims legg fram forslag til budsjett og økonomiplan - Klikk for stort bileteØkonomisjef Bente C. Iversen og Rådmann Anne Berit Berge Ims legg fram forslag til budsjett og økonomiplan

Økonomiplanen er kommunen sitt viktigaste verktøy for å sikre god økonomisk planlegging og styring. Planen viser kommunestyret sine prioriteringar, kva administrasjonen skal arbeide med, spesifiserer resultatmål og føreslår ressursfordelinga for dei neste fire budsjettåra.

I følgje kommunelova sin § 44 skal kommunane årleg utarbeide minst ein 4-årig økonomiplan. Denne skal gje ei realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden. Økonomiplanen skal rullerast kvart år, og er bindande det første året i planperioden.

Rigger for nye tider

Hovudmålet for Hå kommune er at «Det skal være godt å bu, leve og arbeide i Hå». I 2017 har vi hatt ei positiv utvikling i arbeidsløysa og godt sal av tomter til næringsformål. Samstundes har folkeveksten flata ut. Arbeidet med å gjere kommunen meir attraktiv har derfor stort fokus kommande periode. Vi har hatt eit historisk høgt investeringsnivå på skular og barnehagar. Vi har sett i gang Framtidsløftet for å effektivisere drifta og vere meir fleksible. Ein viktig del av dette er digitalisering – om korleis nye, digitale løysingar gjere tenestene betre og meir tilgjengelege for innbyggjarane. Kommunane opplever større forventningar frå innbyggjarane og fleire krav frå styresmaktene, utan at dei økonomiske rammene aukar tilsvarande. Åra som kommer blir meir krevjande. Rådmannen legger fram ein økonomiplan med meir sambruk og med fokus på korleis me kan rigge oss for nye tider. For å få til dette må Me løfte i lag!

 

Innovasjon og nytenking er viktig for å få til å effektivisere drifta og vere meir fleksible. Vi har starta eit nytt kull leiarutvikling. Vi har meir fokus på at heile organisasjonen og dei hovudtillitsvalte er involvert når det gjeld korleis vi skal forenkle, fornye og forbetre organisasjonen og dermed tilpasse oss framtida sine utfordringar. I budsjettet for 2018 og økonomiplan 2018 – 2021 (PDF, 9 MB) bygger rådmannen vidare på gjenbruk og sambruk innanfor helse, skule, barnehage og kultur.

 

Viktige grep i dette budsjettet:

  • Det er 75 færre ungar i barnehagane frå hausten 2017. Derfor foreslår rådmannen å legge ned Askeladden barnehage – og å skyve bygging av ny barnehage på Brusand til slutten av økonomiplanperioden. Ungane i Askeladden barnehage foreslår vi å flytte over til tre andre barnehagar som har ledig kapasitet. Sidan ny barnehage skal byggast på ei anna tomt foreslår vi å selje tomta til Askeladden barnehage.
  • Rådmannen har følgt opp vedtaket i kommuneplanutvalet sak 08/17 om å utarbeide strategiar for å styrke detaljhandel og publikumsretta handels-, kontor- og serviceverksemder i Nærbø sentrum ved å sjå dette i samanheng med andre formål som kultur, service og tenesteyting. Fleire av helsefunksjonane er i dag lokalisert i svært dålege kommunale bygg, som Jadarvegen 25. Basert på arealbehova til helsefunksjonane og sentrum sitt attraktivitet- og aktivitetsbehov foreslår rådmannen å bygge et nytt «sambrukshus» med helse- og kulturfunksjonar på torget. Det er lagt opp til parkering under bakken, publikumsretta funksjonar innanfor kultur i første etasje og helsefunksjonar i andre og tredje etasje. Rådmannen forslår å selje bibliotektomta, kulturtorgtomta ved Nye Loen og Jadarvegen 25-27.
  • Styrke utviklinga i Stokkalandsmarka ved å foreslå meir aktiv marknadsføring og gjennomføre moglegheitsstudie for Stokkalandsmarka sentrum i 2018. 
  • Dette skuleåret har det vore ei elevtalsauke på om lag 50 elevar. Rådmannen har lagt inn eit forslag om ein opptrappingsplan på 3,5 lærarstillingar i året. Då vil det i 2018 være like mange lærarar som i 2016, men om lag 100 fleire elevar.
  • Satse meir på digitalisering med chromebook til alle skoleelevar, samarbeid med fleire kommunar om velferdsteknologi, samarbeid med fleire kommunar og med KS om digitalisering i kommunal sektor.

Kontakt

Bente C. Iversen
Bente C. Iversen
Økonomisjef
Telefon: 51 79 30 14
Mobil: 481 42 761
Anne Berit Berge Ims
Anne Berit Berge Ims
Rådmann
Telefon: 992 69 387
Fann du det du leita etter?