Budsjett for 2025 og økonomiplan 2025-2028

Sjå kommunedirektøren sitt forslag til korleis Hå kommune skal bruka pengar dei neste åra.

Tysdag 5. november la kommunedirektør Anne Berit Berge Ims fram sitt forslag til budsjett for det komande året og økonomiplan for dei neste fire åra. Årets overskrift er «Saman om ei trygg omstilling».

– For å ta nødvendige grep for framtida, satsar me på at me saman skal ha ei trygg omstilling i heile organisasjonen. Me må få til meir for mindre, og jobba på nye måtar, understrekar kommunedirektøren.

Budsjettforslaget peikar òg på at det er viktig å vare på eigenarten til Hå kommune, med stasjonsbyar på rekke og rad i heile kommunen. Det vert mellom anna foreslått å bygga barnehage på Brusand, laga veg inn til skuletomta på Vigrestad, bygga bufellesskap på Nærbø og ny brannstasjon på Nærbø.

Den neste månaden er det lokalpolitikarane som skal jobba med kommuneøkonomien. Torsdag 12. desember skal så kommunestyret vedta budsjett og økonomiplan.

Sjå heile budsjettforslaget i den digitale tenesta Framsikt