Bli med på Tall Ships Races fest i Sirevåg 24.juli kl 12-23

Seglskuta Statsraad Lehmkuhl 1 - Klikk for stort bilete @Tallshipstock Staselege skuter
Storm Weather Shanty Choir  
Sjørøvarkai
Sal av mat og drikke
Marknadsplass
Dekksselskap 

 

 


Billettar til dekkselskap på Gulden Leeuw her:
https://ebillett.no/90127400000000
eller på Servicetorget 51 79 30 00.

Arr: Hå kommune, Sirevåg havn og Sirevåg velforening

Fakta om Tall ships Races 2018

Stavanger er i år ei av dei offisielle hovudhamnene i Tall Ships Races 2018, og samarbeidar med Esbjerg om det såkalla "Cruise-in-company" strekket.  På dette strekket er det ikkje regatta, og enkelte skuter besøker gjestehamner på spesialarrangement på veg til Stavanger. Sirevåg er ei slik hamn, og her blir det folkefest! Både Statsraad Lehmkuhl (Norge), Gulden Leeuw (Nederland), Shtandart (Russland) og Santa Maria Manuela (Portugal) har sagt ja til å bli med på folkefesten i Sirevåg.

Hå kommune og lokalt næringsliv skal saman sende 14 ungdomsmedseilere frå Hå på segltrening med Statsraad Lehmkuhl på strekket Esbjerg-Sirevåg-Stavanger i tidsrommet 20.-26. juli. De heldige søkarane er no vald ut. Ungdommane sjølve betalar kr 3000 i eigen andel.    

Dei 4 offisielle hovudhamnene er:

  • Sunderland (England): oSunderland-Esbjerg-Stavanger-HarlingenMap0315-768x467 - Klikk for stort bilete nsdag 11. – laurdag 14. juli (regatta til neste hamn)
  • Esbjerg (Danmark): onsdag 18. – laurdag 21. juli (Cruise in Company til neste hamn)
  • Stavanger: torsdag 26. – søndag 29. juli (regatta til neste hamn)
  • Harlingen (Nederland): fredag 3. – måndag 6. august

 

 

Hva er Tall Ships Races?

The Tall Ships' Races er ein internasjonal seglregatta for store seglskip. Målet er å stimulere til internasjonalt vennskap og seglopplæring for ungdom. Regattaen blir arrangert årlig mellom ulike byar i Europa og inneheld to konkurranseetappar og ein vennskapsetappe – Cruise in Company. For at eit skute skal kunne delta må minst halvparten av mannskapet vere mellom 15 og 26 år. Arrangementet blir administrert av Sail Training International (STI) som har hovedkontor i Portsmouth, England. STI er registrert som ein ideell organisasjon med medlemmar over hele verda.

Eit av hovudmåla til STI er å utvikle og utdanne ungdommer mellom 15-26 år gjennom segltrening, uavhengig av nasjonalitet, kultur, religion, kjønn eller sosial bakgrunn.

Fann du det du leita etter?