Arbeidsløftet er eit prosjekt der me ønsker å bidra til at du får betre oversikt over din eigen situasjon. Dette gjer me saman med deg, ved å tilby koordinert og individuelt tilpassa rettleiing, der dei fagpersonane som trengst blir kopla på. Målet vårt er å styrka sjansane dine for å koma sterkare tilbake i arbeid.
Kva kan me hjelpa deg med?
- Kartleggingssamtale med arbeidsrettleiar og kognitiv terapeut
- Støtte i kontakt med arbeidsgivar
- Delta i møte med arbeidsgivar
- Utforska moglegheiter for tilrettelegging på arbeidsplassen
- Kartlegga kva du kan gjera med tilrettelegging på jobb
- Meistringsorienterte samtalar, assistert sjølvhjelp og støtte til å handtera belastningar
- Sikra jobbutsikter over tid
- Hjelp til kontakt med andre tenester i kommunen (fastlege, fysioterapeut, friskliv, NAV, meistringseininga)
- Avklara NAV-relaterte spørsmål
Du kan ta kontakt med oss direkte, eller du kan be fastlegen din om å senda ei tilvising.
Kven møter du når du kjem til oss?
Kognitiv terapeut:
Inga Hovda, telefon: 48 86 32 55, e-post: inga.hovda@ha.kommune.no
NAV arbeidsrettleiar:
Sissel Bøthun, telefon: 94 98 51 34, e-post: sissel.bothun@nav.no