Viktig melding

Lukk meldinga

Avlyst: FAMILIEDAG MED PÅSKETRADISJONAR

Dato
13. april 2020
Tid
12:00 - 15:00
Stad
Hå gamle prestegard

PÅSKETRADISJONAR FOR HEILE FAMILIEN PÅ HÅ GAMLE PRESTEGARD
Mandag 13. april kl. 12 - 15.

Ta fram sykkelen og kom til Hå gamle prestegard 2.påskedag.
Veret spelar inga rolle. 

Ute på gravfeltet kjem magiske tonar frå bronselur.
Gaute Vikdal og Marcel Totolici frå Klang av Oldtid, kledd i drakter frå bronsealdaren, spelar på kvar sin bronselur som er heilt lik den folk spelte på for 4000 år sia. 

I strandsteinane kan du koke påskeegg slik tradisjon er på Jæren. Her kan du og kjøpa pølser kokt på bål.
Inne er det verkstad der du kan dekorere påskeegg.   
Kanskje får du høyra ei påskeforteljing og. 

Kl. 14 startar den store jakta på gøymde påskeegg.

Velkommen til ein spanande dag på Hå gamle prestegard.


Arr. I samarbeid med Vennelaget for Hå gamle prestegard

Arrangør

Hå gamle prestegard