Utstilling: RÅOLJE / CRUDE

Alexander L. Kielland-ulykken, 40 år.
foto / dokumentar
Tord F Paulsen og Marie Smith-Solbakken

Tidspunkt
Fredag 15.05.2020 11.00 - søndag 06.09.2020 17.00
Stad
Hå gamle prestegard


27. mars 1980 velta boligplattforma Alexander L. Kielland i Nordsjøen. 123 mann omkom og 89 blei redda.

Film: Ulukka

RÅOLJE / CRUDE er ei dokumentarutstilling utvikla i samarbeid med professor Marie Smith-Solbakken, UiS, og fotograf Tord F Paulsen. Utstillinga set fokus på Kielland-ulukka i lys av ein debatt om ytringsfrihet, medverknad, demokrati og kapital. Forteljingar, sitat og dokumentarisk fotografi av berørte frå ulukka skapar ein samansett polyfoni.

Utstillinga gjer innblikk i nære opplevingar og personlege historier frå ulukka. Den er basert på bøkene Råolje, "Alexander L. Kielland"-ulykken. Ringene i vannet av Tord F Paulsen og Marie Smith-Solbakken (Red.) på Hertervig Forlag fra 2017 og «Alexander L. Kielland»-ulykken. Hendelsen, etterspillet, hemmelighetene av Marie Smith-Solbakken (Red.) på Hertervig Forlag fra 2016.

Film: Fotograf Tord F Paulsen i samtale med Eva Watne

Film: De som overlevde og de som reddet
Kåre Magne Kvåle og Wigulf Schjøll i samtale med professor Marie Smith-Solbakken

Filmen Kielland, basert på historien til de som var der med Helge Jordal visast kvar heil time i Nye løa på Hå. Varighet 50 min. 

Støtta av Norsk Kulturråd, Fritt Ord, Rogaland Fylkeskommune og Kielland-nettverket.
Foto: Tord F Paulsen, "Familien Thomassen".

Utstillinga står til og med 6. september.

Arrangør

Hå gamle prestegard