Viktig melding

Lukk meldinga

Utstilling: Karina Presttun og Kristina D. Aas

Karina Presttun og Kristina D. Aas
Shed
tekstil / objekt

 

Tidspunkt
Laurdag 28.01.2017 14.00 - søndag 26.03.2017 17.00
Stad
Hå gamle prestegard

Dei siste åra har Kristina D. Aas og Karina N. Presttun samarbeida om å laga portrett med lause trådar som ein sentral del av motivet. Til utstillinga på Hå gamle prestegard har kunstnarane iscenesatt seg sjølv og andre kvinner i ein serie portrett laga med digital jaquardvev. Resultatet kan sjå tilsynelatande lett ut, men bak dei store arbeida ligg det massiv kunnskap om vev: bindingar, garn, fargeblanding – samt mange veker med digitalt arbeid.

Trådane får forskjellig rolle i dei ulike arbeida: i eit arbeid kan dei sjå ut som framande element som ein ynskjer å fjerna, mens i eit anna brukast dei bevisst for å forandre utsjåande. Er det hud? Er det hår? Er det noko som tilhøyrer kroppen, eller skal det vekk?

Det engelske ordet «shed» har fleire forskjellige tydingar, men eit av dei kan oversetjast som å røyta; å mista pels, hår, fjør eller skinn av naturlege årsaker. Men det kan og vera metaforisk for å bli ny eller å ta ein sjanse.

I samanheng med vev tydar ordet den trekanta opninga mellom renning og innslag der skyttelen vert ført gjennom for å danna innslaget. Kristina, som til dagleg arbeidar på eit veveri i Innvik, skriv om verket «Flay»: «"Helt siden jeg begynte å veve har jeg synes at vev er veldig metaforisk. Det er ekstremt begrensende i sin teknikk, (hvis man sammenligner med foreksempel maleri), men samtidig utrolig frigjørende i sin begrensning. I livet jeg føler ofte at jeg selv er mellom renning og innslag: den stadige forventningen å kunne være til stede for sitt barn, sin kjæreste, bebreidelsen over ikke å kunne gi nok og være for mye i kunsten. Men er det meg som setter begrensningen? Kan man ”rive vekk” forventingene fra andre og slippe det? Som et skinn, som man har vokst ut av? Til syvende og sist er det slik i arbeid med renning og innslag det er alle kontrastene og forskjellige spenninger som danner en flate eller et fullkomment liv. Det ene kan ikke eksistere uten den andre

I verket "Me and my beard", har Karina framstilt seg sjølv som mann med trådane som skjegg. Med hår i armholene, lausskjegg og sideflesk står biletet i sterk kontrast til slik media framstiller både menn og kvinner i dag.  Men er det allikevel noko estetisk ved det? "Jeg er spent på mottakelsen," skriver Karina, som tidlegare har laga collag av menn i kvinneklær. "Det har vært delte reaksjoner hos dem jeg har vist skissene til - mange synes det er stygt."

Dei over to meter høge samarbeidsportretta blir kjernen i utstillinga på Hå. I tillegg stiller dei ut ein videoprojeksjon og eigne arbeid. Karina stiller ut ein nylaga tekstilcollage, og Kristina viser sitt fyrste tredimensjonale tekstilverk  sidan 2013.

 

 

Arrangør

Hå gamle prestegard
Adresse
Håvegen 347
Postnummer og stad
4365 Nærbø