Vedtak
Referatsakene vert tekne til orientering.
Uttale til referatsak 002/20:
Innbyggjarrådet er positive til utviding av rasteplassen på Hårr, men har eit sterkt ynskje om ei anna utforming.
Slik som forslaget ligg føre no, vil det vera vanskeleg for eldre og dei med fysisk funksjonshemming å få ei god oppleving av storhavet og naturkreftene.
Steinane vil stengja for mykje av utsynet.
Innbyggjarrådet er opptekne av at utsikten for eldre og funksjonshemma som må sitja i bilane vert teke i vare.
Behandling
Johannes Haugstad fremja slik forslag til uttale til referatsak 002/20:
Innbyggjarrådet er positive til utviding av rasteplassen på Hårr, men har eit sterkt ynskje om ei anna utforming.
Slik som forslaget ligg føre no, vil det vera vanskeleg for eldre og dei med fysisk funksjonshemming å få ei god oppleving av storhavet og naturkreftene.
Steinane vil stengja for mykje av utsynet.
Innbyggjarrådet er opptekne av at utsikten for eldre og funksjonshemma som må sitja i bilane vert teke i vare.
Innbyggjarrådet slutta seg samrøystes til denne uttalen.
Rådmannen si innstilling blei samrøystes vedtatt.