Vedtak
I 2019 opplevde 229 born i Hå at foreldra fekk kutt i sosialstønad p.g.a. barnetrygd. Kommunestyret har bedt om ei sak, og vil vurdera om barnetrygda ikkje skal vera del av grunnlaget for utrekning av sosialstønad.
Det vert arbeidd med ein demensplan for Hå kommune. Andre kommunar har status som demensvenleg kommune, og har sett av stillingsressurs som demenskoordinator. Kommunestret vil at det vert nytta stillingsressur for å fylla funksjonen som demenskoordinator, og at det vert vurdert kva som må til for å vera demensvenleg kommune.
Hå kommune bruker mindre ressurs på leiing i skulen enn andre kommunar. For lite ressursar her kan gjera det vanskeleg å nå dei måla som er sette til for skulen. Kommunestyret ønskjer å prioritera ressursar til leiing, særleg når planlagde kutt i budsjettet ikkje vert sette i verk.
Opparbeiding av næringstomter på Krusemarka må prioriterast så snart reguleringsplan er klar, og kan då finansierast gjennom tomtefondet ved sal av næringstomter.
For hver tertialrapport rapporteres antall på venteliste ved sykeheimen, for helse og sosial utvalget.
Sak om rehabilitering av Olsvoll legges fram forutval for helse- og sosialsaker før 21. september 2021.
Behandling
Jonas Skrettingland (KrF) fremja eit felles forslag på vegne av KrF, H, Sp og Ap:
Felles tekstforslag (H, KrF, Sp og Ap):
I 2019 opplevde 229 born i Hå at foreldra fekk kutt i sosialstønad p.g.a. barnetrygd. Kommunestyret har bedt om ei sak, og vil vurdera om barnetrygda ikkje skal vera del av grunnlaget for utrekning av sosialstønad.
Det vert arbeidd med ein demensplan for Hå kommune. Andre kommunar har status som demensvenleg kommune, og har sett av stillingsressurs som demenskoordinator. Kommunestyret vil at det vert nytta stillingsressur for å fylla funksjonen som demenskoordinator, og at det vert vurdert kva som må til for å vera demensvenleg kommune.
Hå kommune bruker mindre ressurs på leiing i skulen enn andre kommunar. For lite ressursar her kan gjera det vanskeleg å nå dei måla som er sette til for skulen. Kommunestyret ønskjer å prioritera ressursar til leiing, særleg når planlagde kutt i budsjettet ikkje vert sette i verk.
Opparbeiding av næringstomter på Krusemarka må prioriterast så snart reguleringsplan er klar, og kan då finansierast gjennom tomtefondet ved sal av næringstomter.
Svein Arve Nygård (FrP) fremja forslag på vegne av FrP og Hå-lista:
Tekstforslag:
1. For hver tertialrapport rapporteres antall påi venteliste ved sykeheimen, for helse og sosial utvalget.
2. Sak om rehabilitering av Olsvoll legges fram fo rutvalg for helse- og sosialsaker før 21. september 2021.
Svein Arve Nygård (FrP) framsette forslag til endringar på vegne av Hå-lista og FrP:
FrP bad om gruppemøte, som blei halde.
Ved røysting (budsjett):
Ved alternativ røysting mellom forslag fremja av Jonas Skrettingland (KrF) på vegne av H, KrF, Sp og Ap og forslag fremja av Svein Arve Nygård (FrP) på vegne av Hå-lista og FrP, blei forslag frå H, KrF, Sp og Ap vedteke med 6 mot 3 røyster.
Ved røysting (tekstforslag):
Tekstforslag fremja av Jonas Skrettingland (KrF) på vegne av H, KrF, Sp og Ap 1-3. avsnitt, blei samrøystes vedteke.
Tekstforslag fremja av Jonas Skrettingland (KrF) på vegne av H, Krf, Sp og Ap 4. avsnitt, vart vedteke med 6 mot 3 (Hå-lista og FrP) røyster.
Tekstforslag fremja av Svein Arve Nygård (FrP) på vegne av Hå-lista og Frp i pkt 1. og pkt 2, vart samrøystes vedteke.