Vedtak
Hå går i dialog med Klepp og Time om eit samarbeid om ei felles legevakt på Jæren, med fylgjande som utgangspunkt:
Legevakt på Klepp og Bekkeheien skal behaldast, og verta drifta som idag.
Det vert etablert ei felles legevakt på natt med Bekkeheien som lokasjon.
Behandling
Jan Erik Tuen (H) fremja på vegne av H, KrF og Sp alternativ forslag til rådmannen si innstilling frå formannskapet;
Hå går i dialog med Klepp og Time om eit samarbeid om ei felles legevakt på Jæren, med fylgjande som utgangspunkt:
Legevakt på Klepp og Bekkeheien skal behaldast, og verta drifta som idag.
Det vert etablert ei felles legevakt på natt med Bekkeheien som lokasjon.
Jeanette Lea Romslo (SV) fremja alternativ forslag til rådmannen si innstilling:
For å få en kvalitativ og robust legevakt som vil kunne tilfredstille fremtidige krav, anbefaler rådmannen at Hå kommune setter seg ned med Klepp og Time for å utrede muligheten for å få ein felles Jæren legevakt.
Bekkeheien er Hå kommunes klare førstevalg.
I en eventuell utredning med nabokommunene våre vil det måtte stå som et prinsipp.
I tillegg må en utredning se på kvaliteten og særlig legge vekt på fordeler og ulemper for innbyggerne i alle tre kommuner, tilgjengelighet/avstand, arbeidsforhold for de ansatte og muligheten for fremtidig rekruttering og kostnaden ved å opprettholde og utvide dagens løsning på Bekkeheien med en styrket bemanning og legevaktsbil.
Tone Elin Berge (Ap) fremja tilleggsforslag:
Ambulansesentralen på Bekkeheien er ein viktig del av akuttberedskapen i Hå og på Jæren og er no samlokalisert med Hå legevakt. Helse Stavanger drifter den. Ei utgreiing frå Helse Stavanger, av funksjon og plassering må vere ein del av saka når ein drøfter felles legevakt på Jæren.
Mariann Skjærpe (Hå-lista) fremja alternativ forslag (sjå innlevert forslag):
Hå går i dialog med Klepp og Time om et samarbeid om legevakt, med følgende som forutsetning:
1. Dagens legevakt på Bekkeheien beholdes og driftes som i dag.
2. Legevakten på Bekkeheien skal til enhver tid drives i samsvar med nasjonale forskrifter.
Terje Mjåtveit (Hå-lista) fremja tilleggsforslag:
Svein Arve Nygård (FrP) vert med i forhandlingar om legevakta.
Ved prøverøysting fekk:
Forslag fremja av Mariann Skjærpe (Hå-lista) 12 røyster (Hå-lista, FrP).
Forslag fremja av Jeanette Lea Romslo (SV) 4 røyster (SV, AP)
Forslag fremja av Jan Erik Tuen (H) på vegne av H, KrF og Sp fekk 17 røyster (H, KrF, Sp).
Ved alternativ røysting mellom fellesforslag frå H, KrF og Sp og forslag fremja av Hå-lista, vart fellesforslaget frå H, KrF og Sp vedteke med 21 røyster (H, KrF, Sp, Ap, SV) mot 12 røyster (Hå-lista, FrP).
Tilleggsforslag frå Tone Elin Berge (Ap) fekk 4 røyster (Ap+SV) og falt.
Tilleggsforslag frå Terje Mjåtveit (Hå-lista) fekk 12 røyster (Hå-lists og Frp) og falt.