Behandling
Solfrid Fuglseth (A) fremja følgande forslag:
Kommunestyret meiner at saka ikkje er nok opplyst til at me kan gjere vedtak. Det bør skiljast på kva tilbod som skal vere ved Olsvoll bu- og velferdssenter og organisering av heimetenestene sør i kommunen. Kommunestyret ynskjer at vedtaket som vart gjort i sak KS 96/18 skal følgjast opp. Med dette og presiseringa under, ber me om nye saker.Det blir inga nedbemanning i distrikt Ogna nå. Bemanningen i heimetenesten i kommunen blir vurdert på ny i forbindelse med arbeidet med ny Omsorgsplan 2020-2024.Heimetenestene i kommunen skal vere likeverdige og med god kvalitet same kor ein bur i kommunen. Då må kommunen ha ei organisering som gjer det mogeleg.Olsvoll skal fortsatt vere eit bu- og velferdssenter med eit aktivt dagsenter som saman med frivillige gjer Olsvoll til ein god møteplass sør i kommunen. Olsvoll skal ikkje vere sjukeheim. Det skal bemannast ut frå brukargruppa sitt behov for fagkompetanse.
Ved alternativ røysting mellom formannskapet si tilråding og forslaget frå Solfrid Fuglseth, blei formannskapet si tilråding vedtatt med 24 mot 9 røyster (3 A, 3 Frp, 3 Hl (RR, RH, MM)).