Vedtak
Ein eigen frivilligpris vert oppretta frå og med 2019.
Frivilligprisen er ein pengesum på kr. 5000 og ein diplom
Prisen deles ut kvart år
Forslag til kriterier:
Hå kommune kan dela ut frivilligpris til einskildpersonar, organisasjonar eller lag som har gjort ein særs verdfull innsats i det frivillige arbeidet i kommunen.
Prisen kan gjes basert på frivillig innsats over lengre tid, eller i eit tidsavggrensa prosjekt.
Den frivillige innsatsen må ha vore utan lønn.
Ein jury med 3 medlemmer frå frivilligrådet og 2 folkevalgte, avgjer kven som skal få frivilligprisen. Dei folkevalgte er leiar i utval for helse og sosial og leiar for opplæring og kultur( adm har sekretærfunksjon).
Behandling
Tone Elin Berge (A) fremja følgande forslag til nytt punkt 5:
5. Ein jury med 3 medlemmer frå frivilligrådet og 2 folkevalgte, avgjer kven som skal få frivilligprisen. Dei folkevalgte er leiar i utval for helse og sosial og leiar for opplæring og kultur.( adm har sekretærfunksjon)
Rådmannen si innstilling punkt 1 - 4 blei samrøystes vedtatt.
Ved alternativ røysting mellom rådmannen sitt punkt 5 og Tone Elin Berge sitt forslag, blei Tone Elin Berge sitt forslag samrøystes vedtatt.