Vedtak
1. Forslag til økonomiplan 2020 - 2023 jf. «Rådmannen sitt forslag til økonomiplan 2020-2023», blir godkjent med desse merknadene:
Følgande tekstforslag blei vedtatt:
Olsvoll
Det skal oppretthaldast eit godt tilbod på Olsvoll. I starten av 2020 skal det koma ei sak om Olsvoll som skisserer vidare bruk. Der skal styrking av dagtilbodet drøftast, kvaliteten sikrast og organisering av heimetenestane sør skisserast. Vidare drift og utbygging i løpet av denne økonomiplanen må òg vera med. Praksis i kommunen skal vera at bebuarar som treng sjukeheimsplass skal vera på sjukeheim.
Bibliotek
I løpet 2020 vert det laga ei løysing der skulebiblioteket på Vigrestad storskule vert utvida til eit enklare folkebibliotek, med utvida boksamling og opningstider.
Skuleskyss Stokkalandsmarka
Tidspunkt for ny skule vert avklart på bakgrunn av ny skulebruksplan hausten 2020.Første halvår 2020 vert det i påvente av ny skule utgreia ei skyssordning for skuleborna i Stokkalandsmarka frå 1. - 4. klassetrinn.
Kommunal kontantstøtte
Den kommunale kontantstøtte vert regulert i henhold til konsumprisindeks.
Sal kommunale bustadar
Det må vurderast om det skal seljast fleire av dei eldre kommunale bustadane.
Helsestasjon for ungdom Vigrestad
Utval for helse- og sosialsaker må få ei vurdering av helsetilbodet for ungdom på Vigrestad, lokalisering, tilknyting til helsesjukepleiartenesta, bemanning m.v. før det vert aktueltå leggja ned denne tenesta.
Det vert teke kontakt med Time kommune med tanke på å få realisert gang og sykkelveg med lys på strekningen Torland Haugland til Hognestad.
Kommunestyret vil at det skal vere heiltidskultur innan alle tenesteområde. Det skal arbeidast strategisk mot at heile stillingar skal vere det normale. Heiltidskultur skal derfor ha ein sentral plass i arbeidsgivarstrategien til Hå kommune.
Matsvinn - Det er eit problem for klima og miljø at over 1/3 av maten som blir produsert, blir kasta. Matkommunen Hå bør ta føring for å redusere matsvinn. Kommunestyret ynskjer at rådmannen kjem med ei sak som tek initiativ på ulike område; som haldingsskapande arbeid, reduksjon av matsvinn internt, gå i diaolog med landbruksorganisasjonar, næringsmiddelindustri og matvarebransjen. Dette blir inkludert i klima- og energiplanen.
Vi ønsker sak vedrørende trygghetsalarmer. Kommunen har et ønske om å holde folk hjemme så lenge som mulig i fremtiden. Trygghet er viktig, det er et grunnleggende behov, men ikke alle har god råd og utsetter kanskje å få installert en slik alarm. Vi foreslår derfor at vi får en utredning med kostnad på offentlig dekking av installasjon av trygghetsalarmer for de med behov.
Nærbø svømmehall trenger vedlikehold og renovering. Ønsker en sak i 2020 til utvalgene og kommunestyret som belyser dette mer detaljert.
2. Økonomiplanen skal visa korleis langsiktige utfordringar, mål og strategiar i kommunale planar skal følgast opp. Økonomiplanen og årsbudsjettet skal visa kommunestyret sine prioriteringar og løyvingar og dei måla og premissane som økonomiplanene og årsbudsjettet bygger på. Jf. § 14 i kommunelova.
3. Forslag til årsbudsjett 2020, drift- og investeringsbudsjett, jf. «Rådmannen sitt forslag til økonomiplan 2020-2023», blir godkjent med dei merknadene som følger av punkt 1.
4. I samsvar med kommunelova § 14-5 er det vedtekne årsbudsjettet for 2020 bindande for kommuneforvaltninga. Utval, styrer, råd og administrasjon må bruka løyvingane i budsjettet i samsvar med kommunestyret sine intensjonar og vedtak, jf. kommunen sitt reglement for delegasjon med omsyn til budsjett. Rådmannen kan gjera nødvendige tekniske justeringar i budsjettet.
5. Kommunen nyttar til ein kvar tid den maksimalsatsen for inntektsskatteøyren som staten fastsett for kommunane, likeeins andre maksimalsatsar fastsett for kommunale tenester.
6. Avgifter, gebyr, prisar og tilskott 2020 blir fastsett som omtalt i vedlegg A «Prisar og gebyr» .
7. Opptak av lån til investeringar på i alt 128,544 mill. kroner til investeringar i 2020, (som endra i pkt 1) kr jf. Investeringsbudsjettet, blir godkjent. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne långjevarar, fastsetja tidspunkt for opptak av låna og godkjenne rente- og avdragsvilkår innanfor ei maksimal avdragstid på 25 år. Rådmannen får vidare fullmakt til å ta opp lån til vidare utlån (Start-lån) i Husbanken innanfor ei ramme på 5,0 mill kr.
8. For vedtekne investeringsprosjekt som ikkje er fullførte pr. 31.12.2020 kan unytta løyvingar bli overførte til 2021 (innanfor dei krava føresegnene set for slike overføringar). Rådmannen får derfor fullmakt til å setja av til fond eventuelle ubrukte driftsmidlar til investeringsprosjekt pr. 31.12.2020.
9. Revidert handlingsprogram for kommunedelplan for anlegg og områder for idrett og friluftsliv og Trafikktryggleiksplanen blir godkjent, jf. «Rådmannen sitt forslag til økonomiplan 2020-2023» og vedlegg B, «Kommunal handlingsplan for opplæring og kultur».
Behandling
Andreas Bjorland (KrF) fremja følgande forslag frå KrF, SP og H:
Olsvoll - vedtatt med 17 mot 16 røyster (9 HL, 3 Frp, 3 A, 1 SV)
Det skal oppretthaldast eit godt tilbod på Olsvoll. I starten av 2020 skal det koma ei sak om Olsvoll som skisserer vidare bruk. Der skal styrking av dagtilbodet drøftast, kvaliteten sikrast og organisering av heimetenestane sør skisserast. Vidare drift og utbygging i løpet av denne økonomiplanen må òg vera med. Praksis i kommunen skal vera at bebuarar som treng sjukeheimsplass skal vera på sjukeheim.
Bibliotek - vedtatt med 29 mot 4 (3 A, 1 SV)
I løpet 2020 vert det laga ei løysing der skulebiblioteket på Vigrestad storskule vert utvida til eit enklare folkebibliotek, med utvida boksamling og opningstider.
Skuleskyss Stokkalandsmarka - vedtattmed 18 mot 15 (8 HL (-MM), 3 Frp, 3 A, 1 SV)
Tidspunkt for ny skule vert avklart på bakgrunn av ny skulebruksplan hausten 2020.Første halvår 2020 vert det i påvente av ny skule utgreia ei skyssordning for skuleborna i Stokkalandsmarka frå 1. - 4. klassetrinn.
Kommunal kontantstøtte - vedtatt med 29 mot 4 (3 A, 1 SV)
Den kommunale kontantstøtte vert regulert i henhold til konsumprisindeks.
Sal kommunale bustadar - samrøystesvedtatt.
Det må vurdeast om det skal seljast fleire av dei eldre kommunale bustadane.
Helsestasjon for ungdom Vigrestad - samrøystesvedtatt
Utval for helse- og sosialsaker må få ei vurdering av helsetilbodet for ungdom på Vigrestad, lokalisering, tilknyting til helsesjukepleiartenesta, bemanning m.v. før det vert aktueltå leggja ned denne tenesta.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Terje Mjåtveit (HL) fremja følgande forslag:
Det vert teke kontakt med Time kommune med tanke på å få realisert gang og sykkelveg med lys på strekningen Torland Haugland til Hognestad.
- Samrøystes vedtatt.
Hå-lista - Olsvoll - Fekk 12 røyster (9 HL, 3 Frp) og falt
Olsvoll skal være et bo og omsorgssenter, samt tilby et aktivt dagtilbud for beboerne og for hjemmeboende. Dagtilbudet ved Olsvoll skal utvikles til å bli et enda mer aktivt tilbud med matservering, trening og aktiviteter. Derfor må det sikres nødvendige ressurser til at dette kan gjennomføres. Åpningstiden utvides med en ettermiddag og en kveld i uken.
Tone Elin Berge (Ap) fremja alternativt forslag til rådmannen si innstilling:
Tekstforslag til budsjett og økonomiplan 2020-2023, Hå Arbeiderparti
1)Kommunestyret vil at det skal vere heiltidskultur innan alle tenesteområde. Det skal arbeidast strategisk mot at heile stillingar skal vere det normale. Heiltidskultur skal derfor ha ein sentral plass i arbeidsgivarstrategien til Hå kommune. - samrøystes vedtatt.
2) Olsvoll - Fekk 4 røyster(3 A, 1 SV) og falt.
a) Kommunestyret ber rådmannen om å følgje opp sak 096/18, tekstforslag, om vidare bruk og organisering av Olsvoll bu- og velferdssenter. Kommunestyret vil at det fortsatt skal vere mogeleg å bu på Olsvoll samstundes som det er eit dagsenter for eldre sør i kommunen.
b) Skissert bemanning for Olsvoll blir for sårbar. Det bør vere minst 2 fagarbeidarar på vakt dag og kveld. Kommunestyret meiner det kan la seg gjere ved å omdisponere personalet innanfor rammene til tenesteområdet.
3) Matsvinn - samrøystes vedtatt
Det er eit problem for klima og miljø at over 1/3 av maten som blir produsert, blir kasta. Matkommunen Hå bør ta føring for å redusere matsvinn. Kommunestyret ynskjer at rådmannen kjem med ei sak som tek initiativ på ulike område; som haldingsskapande arbeid, reduksjon av matsvinn internt, gå i diaolog med landbruksorganisasjonar, næringsmiddelindustri og matvarebransjen. Dette blir inkludert i klima- og energiplanen.
4) Biblioteket på Vigrestad blir foreløpig ikkje opna. Når innbyggjarane på Vigrestad blir involvert i sentrumsplanarbeidet, skal kommunestyret lytte til ynskje som kjem fram der og gjere ei ny vurdering av bibliotek på Vigrestad. - Fekk 4 røyster(3 A, 1 SV) og falt
Ap legger til Sercicebygg Sirevåg - 700
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Jeanette Lea Romslo (SV) fremja følgande forslag:
1. Barnetrygden holdes utenfor beregning av sosialstønad, utgiftene på ca. 1,5 million dekkes ved at politikernes lønn G-reguleres og ordførers lønn settes til dagens 8G (i 2019 - 775 064,-), og resterende godtgjørelser følger etter. - Fekk 1 (SV) røyst og falt.
2. Vi ønsker sak vedrørende trygghetsalarmer. Kommunen har et ønske om å holde folk hjemme så lenge som mulig i fremtiden. Trygghet er viktig, det er et grunnleggende behov, men ikke alle har god råd og utsetter kanskje å få installert en slik alarm. Vi foreslår derfor at vi får en utredning med kostnad på offentlig dekking av installasjon av trygghetsalarmer for de med behov. - samrøystes vedtatt.
3. Leie til eie ordning for førstegangsetablerere er en mulighet for å hjelpe de unge inn på boligmarkedet. Kommunestyret ønsker sak om muligheten for å opprette leie til eie løsninger for førstegangsetablerere i kommunen. - Fekk 16 røyster (1 SV, 3 A, 3 Frp, 9 HL) og falt.
4. Alle vedtak, alle avgjørelser vi tar i denne salen påvirker klimaet og miljøet på en eller annen måte. – Kommunestyret ønsker at det legges til karbonregnskap for budsjettet i årsrapporten med karbonutslipp og innsparing pr Co2 enhet. - Fekk 4 røyster (3 A, 1 SV) og falt.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Svein Arve Nygård (FrP) fremja alternativ forslag til rådmannen si innstilling:
Tekstforslag:
Nærbø svømmehall trenger vedlikehold og renovering. Ønsker en sak i 2020 til utvalgene og kommunestyret som belyser dette mer detaljert.
- samrøystes vedtatt.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Ved prøverøysting fekk dei ulike endringsforslaga (taldel):
Fellesforslag H, KrF , Sp: 17 røyster (5 H, 7 KrF, 5 SP)
Hå-lista: 9 røyster (9 Hå-lista)
Frp: 3 røyster (3 Frp)
Ap: 4 røyster (3 Ap, 1 SV)
Prøverøystinga blei godkjent som endeleg.
Tekstforslaga - sjå vedtak og røystetal ved kvart forslag.
Jonas Skrettingland fremja følgande forslag:
1. Forslag til økonomiplan 2020 - 2023 jf. «Rådmannen sitt forslag til økonomiplan 2020-2023», blir godkjent med desse merknadene:
(tabell med endringar )
2. Økonomiplanen skal visa korleis langsiktige utfordringar, mål og strategiar i kommunale planar skal følgast opp. Økonomiplanen og årsbudsjettet skal visa kommunestyret sine prioriteringar og løyvingar og dei måla og premissane som økonomiplanene og årsbudsjettet bygger på. Jf. § 14 i kommunelova.
3. Forslag til årsbudsjett 2020, drift- og investeringsbudsjett, jf. «Rådmannen sitt forslag til økonomiplan 2020-2023», blir godkjent med dei merknadene som følger av punkt 1.
4. I samsvar med kommunelova § 14-5 er det vedtekne årsbudsjettet for 2020 bindande for kommuneforvaltninga. Utval, styrer, råd og administrasjon må bruka løyvingane i budsjettet i samsvar med kommunestyret sine intensjonar og vedtak, jf. kommunen sitt reglement for delegasjon med omsyn til budsjett. Rådmannen kan gjera nødvendige tekniske justeringar i budsjettet.
5. Kommunen nyttar til ein kvar tid den maksimalsatsen for inntektsskatteøyren som staten fastsett for kommunane, likeeins andre maksimalsatsar fastsett for kommunale tenester.
6. Avgifter, gebyr, prisar og tilskott 2020 blir fastsett som omtalt i vedlegg A «Prisar og gebyr» .
7. Opptak av lån til investeringar på i alt 117,984 mill. kroner til investeringar i 2020, (evt som endra i pkt 1) kr jf. Investeringsbudsjettet, blir godkjent.. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne långjevarar, fastsetja tidspunkt for opptak av låna og godkjenne rente- og avdragsvilkår innanfor ei maksimal avdragstid på 25 år. Rådmannen får vidare fullmakt til å ta opp lån til vidare utlån (Start-lån) i Husbanken innanfor ei ramme på 5,0 mill kr.
8. For vedtekne investeringsprosjekt som ikkje er fullførte pr. 31.12.2020 kan unytta løyvingar bli overførte til 2021 (innanfor dei krava føresegnene set for slike overføringar). Rådmannen får derfor fullmakt til å setja av til fond eventuelle ubrukte driftsmidlar til investeringsprosjekt pr. 31.12.2020.
9. Revidert handlingsprogram for kommunedelplan for anlegg og områder for idrett og friluftsliv og Trafikktryggleiksplanen blir godkjent, jf. «Rådmannen sitt forslag til økonomiplan 2020-2023» og vedlegg B, «Kommunal handlingsplan for opplæring og kultur».
Budsjettet med vedtatte endringar blei vedtatt med 26 mot 7 røyster (3 A, 3 Frp, 1 SV)