Vedtak
Tekstforslag:
I løpet av 2020 vert det laga ei løysing der skulebiblioteket på Vigrestad storskule vert utvida til eit enklare folkebibliotek med utvida boksamling og opningstider
Tidspunkt for ny skule i Stokkalandsmarka vert avklart på bakgrunn av ny skulebruksplan hausten 2020. Første halvår 2020 vert det i påvente av ny skule utgreia ei skyssordning for skuleborna i Stokkalandsmarka frå 1. – 4. klassetrinn.
Kommunal kontantstøtte vert regulert i henhold til konsumprisindeks.
Endringar i forhold til rådmannen sitt budsjettforslag (tala i 1000):
| 2020 | 2021 | 2022 | 2023 |
DRIFT | | | | |
Barnehagar | 700 | 700 | 700 | 700 |
Skuleskyss Stokkalandsmarka | 500 | 500 | 500 | 500 |
Tiltak bibliotek Vigrestad | 300 | 300 | 300 | 300 |
INVESTERING | | | | |
Brusand barnehage | 10000 | 21000 | 11000 | |
Stokkalandsmarka skule | | 2000 | | -2000 |
Rehabilitering Nymnnsbråtet | -1100 | | | |
Sprinkling Lensmannsløa | 300 | | | |
Behandling
Jan Erik Tuen (H) fremja følgande fellesforslag frå H, KrF og Sp:
Tekstforslag:
1. I løpet av 2020 vert det laga ei løysing der skulebiblioteket på Vigrestad storskule vert utvida til eit enklare folkebibliotek med utvida boksamling og opningstider
2. Tidspunkt for ny skule i Stokkalandsmarka vert avklart på bakgrunn av ny skulebruksplan hausten 2020. Første halvår 2020 vert det i påvente av ny skule utgreia ei skyssordning for skuleborna i Stokkalandsmarka frå 1. – 4. klassetrinn.
3. Kommunal kontantstøtte vert regulert i henhold til konsumprisindeks.
Endringar i forhold til rådmannen sitt budsjettforslag (tala i 1000):
| 2020 | 2021 | 2022 | 2023 |
DRIFT | | | | |
Barnehagar Samrøystes vedtatt | 700 | 700 | 700 | 700 |
Skuleskyss Stokkalandsmarka Samrøystes vedtatt | 500 | 500 | 500 | 500 |
Tiltak bibliotek Vigrestad Samrøystes vedtatt | 300 | 300 | 300 | 300 |
INVESTERING | | | | |
Brusand barnehage Samrøystes vedtatt | 10000 | 21000 | 11000 | |
Stokkalandsmarka skule Samrøystes vedtatt | | 2000 | | -2000 |
Rehabilitering Nymnnsbråtet Samrøystes vedtatt | -1100 | | | |
Sprinkling Lensmannsløa Samrøystes vedtatt | 300 | | | |
Ragnvald Riis (Hl) fremja følgande forslag:
1. Rådmannen vert beden om å leggja fram ei sak med sikte på å ta i bruk en skulebiblioteket på Vigrestad storskule som felles folke- og skulebibliotek (sambruksbibliotek), på same måte som på Varhaug og Ogna.
2. Det vert sett av 05, mill i 2021 og 1 mill i 2022 til planlegging av ny skule i Stokkalandsmarka. Det skal planleggjast to byggetrinn, første trinn for 1-4 klasse, 2 trinn for 5-7 klasse. Dimensjonering og tidfesting av byggjeår vert vurdert i neste rullering av skulebruksplanen.
3. Rådmannen vert beden om å leggje fram ei sak med sikte på skoleskyss frå Stokkalandsmarka til Vigrestad skule og Vigrestad storskule, fram til ny skule står ferdig i Stokkalandsmarka.
Prøverøysting:
Punkt 1 i fellesforslaget fekk 5 røyster
Punkt 1 i Hå-lista sitt forslag fekk 4 røyster (1 SV og 3 Hl)
Endeleg røysting:
Ved alternativ røysting mellom fellesforslaget sitt punkt 1 og rådmannen si innstilling blei fellesforslaget sitt punkt 1 samrøystes vedtatt.
Prøverøysting:
Punkt 2 i fellesforslagetfekk 6 røyster
Punkt 2 og 3 i forslaget til Hå-lista fekk 3 røyster( 3 Hl)
Endeleg røysting:
Ved alternativ røysting mellom fellesforslaget sitt punkt 2 og rådmannen si innstilling blei fellesforslaget sitt punkt 2 samrøystes vedtatt.
Punkt 3 i fellesforslaget blei vedtatt med 8 mot 1 røyst (1 SV).