Vedtak
1. Kafé Tårjå får skjenkeløyve etter alkohollova, med følgande spesifikasjonar:
Styrar: Roger Bang Eie Fødd: 04.05.1967
Vara: Mallika Eie Fødd: 12.05.1979
Skjenkestad: Kafé Tårjå, Lyngblomen 1, 4362 Vigrestad org.nr. 987 791 616
Alkoholvare: Øl/rusbrus, sterkøl og vin. Det blir og gitt løyve til skjenking av brennevin i slutta lag.
Omfang: Alminneleg
Type verksemd: Kafé, restaurant og pub.
Skjenkeareal: Lokalet er ca 100 m2, ca 15 m2 innebygget balkong med halvtak, i tillegg til uteservering på fortau i forlengelse av uteplass på balkong.
Skjenketid:
Inne- og uteservering: Kl 11:00 – 01:30 (Øl og vin)
Livemusikk utandørs må avsluttast kl 23:00 med omsyn til naboane.
2. Rådmannen vil understreka at eit skjenkeløyve kun gjeld godkjenning til å skjenka alkohol etter alkohollova og forskrifter, innanfor rammene i punkt 1. Eventuelle andre godkjenningar søkjar treng frå det offentlege for å driva ein serveringsstad, for eksempel byggeløyve, krav til branntryggleik, serveringsløyve og rett til å bruka aktuelle uteområde, må søkar innhenta sjølv.
3. Ein føresetnad for skjenkeløyvet er at lokala oppfyller gjeldande regelverk når det gjeld plan- og bygningsloven.
4. Styrar av skjenkeløyvet må melda i frå til Hå kommune om eventuelle drifts- eller bygningsmessige endringar, som kan påverka løyvet. Meldinga må koma før endringane vert gjort.
5. Det blir kravd årleg gebyr rekna ut frå kor stor alkoholomsetnaden er venta å vera.
Behandling
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteke.