Vedtak
Utval for tekniske saker og næring tek ikkje klage frå SI Bygg AS og Trend Eiendom AS, innsendt til kommunen av Halvorsen og Reine AS den 04.06.2019, på vedtak i sak 020/19, til fylgje.
Utvalet kan ikkje sjå at det i klagen har kome fram nye moment som gir grunnlag for å omgjera tidlegare vedtak.
Vedtak i sak 020/19 vert oppretthalde.
Behandling
Paul Skretting (FrP) fremja på vegne av FrP og H, alternativ forslag til rådmannen si innstilling:
Utval for tekniske saker og næring tek klage fra SI Bygg og Trend Eiendom AS,innsendt av Halvorsen og Reine 04062019 til følge og godkjenner i medhald av plan- og bygningslova § 19-2 søknad om dispensasjon for overskriding av formålsgrense og om dispensasjon frå reguleringsføresegnene § 3.1.7 pkt. e og § 3.5.2 i reguleringsplan for Sirevåg Sentrum, plan 1006. Søknad om rammeløyve datert 25.02.2019 for utbygging av eigedomen gnr. 95, bnr. 57 og 94 blir godkjent.
Utvalet meiner at fordelene ved ein dispensasjon er større enn ulempene etter ei samla vurdering,og bemerker at 2 av dispensasjonssøknadane er tidliges søkt om og godkjent,samt at ny dispensasjonssøknad anng størrelse på næringsareal har tilrettelagt for mulig seinare tilpassa framtidig utvikling i Sirevåg. Omsyna bak føresegnene det er søkt dispensasjon frå vil ut frå stedlige forhold ikkje tilsidesette intensjonen til reguuleringsplan 1006 og at tiltaket har vesentlige forbedringer i forhold til forrige godkjenning.
Ved alternativ røysting mellom forslag fremja av Paul Skretting og rådmannen si innstilling, vart rådmannen si innstilling vedteke med 6 mot 3 røyster (FrP, H).