Viktig melding

Lukk meldinga

BARN, DØD OG SORG - før og nå

Onsdagsforedrag med
Atle Dyregrov

Dato
28. august 2019
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Hå gamle prestegard

BARN, DØD OG SORG - før og nå
 

Kva gjer det med barn når dei blir stengt ute frå samtalar og ritual ved dødsfall og dramatiske hendingar, slik det har vore? Korleis er utviklinga i dag? Kvifor er det viktig å involvera og inkludera barn ? Dette tema vil Dyregrov utdjupa i foredraget denne kvelden på Hå.

Atle Dyregrov er professor og spesialist i klinisk psykologi ved Klinikk for krisepsykologi i Bergen. Han arbeider med å fylgje opp barn og familiar som mistar ein kjær. Forskinga hans er sorg hjå barn og familiar, og katastrofepsykologi. Dyregrov har skrive ei rekkje bøker,  mellom anna Å ta avskjed. Ritualer som hjelper barn gjennom sorg, Sorg hos barn, Barn og traumer, Sorg hos små barn og Katastrofepsykologi. I  2014 blei han utnemnd til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sitt arbeid på området.

Kr 250 inkl. foredrag, kveldsmat og inngangsbillett til utstillinga. Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660
Utstillinga er open før foredraget frå kl. 18.Kveldsmat etter foredraget.

Foredraget er i samband med utstillinga DONA EIS REQUIEM - Gje dei kvile som visast på Hå til og med 1. september.

Støtta av Norsk Kulturråd og Fritt Ord
 

Arrangør

Hå gamle prestegard