tysdag 23. april 2019, 19:00 - 21:00

Informasjon

Foredrag og musikk med

Audun Myskja

«Audun Myskja er en av de legene i Norge som kjenner døden best. Han har fulgt utallige mennesker gjennom den aller siste fasen av livet. Gjennom dette arbeidet har han funnet en dypere forståelse av hva døden er. Hva skjer med kroppen når døden nærmer seg? Hva kan de pårørende gjøre? I tillegg til disse konkrete sidene ved døden, tar Myskja opp eksistensielle spørsmålene som døden konfronterer oss med: Finnes det et liv etter døden? Hva er det egentlig som dør?» Stenersen forlag.  

Audun Myskja er overlege og spesialist i allmenmedisin, og har doktorgrad i å bruka  musikk i eldreomsorgen. Han driv Senter for livshjelp saman med kona Reidun Myskja, eit tverrfagleg prosjekt som legg vekt på hjelp til sjølhjelp. Audun Myskja held ei  rekkje kurs og foredrag i inn- og utland og har vunne fleire prisar, mellom anna Den norske legeforeningens Kvalitetspris. Han er fagveileder for Nasjonalt Kompetansesenter for kultur, helse og omsorg og leiar Helsedirektoratet si innføring av musikkbasert miljøbehandling for å heva kvaliteten på  omsorg for personar med demens og andre sårbare grupper. Audun Myskja har skrivet 22 fagbøker, gitt ut ei rekkje CDer og DVDer med musikk og trening for avspenning og helse, og har leia ei rekkje prosjekt i organisasjonar og kommunar.

Foredraget denne kvelden er i samband med utstillinga DONA EIS REQUIEM – Gje dei kvile som opnar på Hå gamle prestegard den 8. juni

Pris kr 250 inkl. kveldsmat. Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660

Om utstillinga
DONA EIS REQUIEM 
– GJE DEI KVILE
Kulturhistorisk utstilling om døden

Det einaste sikre me menneske veit er at me skal dø - eller er det slik?

Døden har til alle tider og i alle kulturar og religionar vore eit tema for undring, sorg, frykt og ritual. Ulike ritual og kva forhold me har til døden har endra seg gjennom tidene. Tradisjonelt har døden vore noko som har blitt delt i eit fellesskap. I moderne tid har møtet med døden blitt meir privat og individuelt. Døden blei i ein periode institusjonalisert og teken vekk frå heimen og det sosiale felleskapet. I den seinare tida ser me at nokre av desse gamle rituala blir tekne attende. Er dette eit naturleg behov me menneske har for å dele og snakke om døden og sorga?

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og Fritt ord.

Stad


 

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Filter

Søk