Viktig melding

Lukk meldinga

Familiearrangement: Halloween

for store og små

Dato
30. oktober 2016
Tid
12:00 - 15:00
Stad
Hå gamle prestegard

Denne dagen inviterer Hå gamle prestegard heile familien til skumle opplevingar og gamle tradisjonar. 

PROGRAM:
Kl. 12.00 – 15.00

Kle deg ut heima og få skummel sminke på Hå. Få med deg eit bilete av deg sjølv heim, eit heng me på veggen som utstilling.
Lag gammaldags roelykt og klipp flaggermus og andre nifse figurar i papir.
I kafeen kan du kjøpa søte spøkelseskaker, «blodsuppe» og mykje anna godt.
Kl. 14.00 HORRORSHOP! Skummel oppvising og overraskingar med born frå Sola Kulturhus

I vår tid har Halloween særleg blitt markert i USA, der utkledde born går frå hus til hus og tigger godteri med orda «trick or treat». Tradisjonane vart ført til USA på 1600-talet med europeiske immigrantar. Men røtene til feiringa strekker seg over 2000 år attende i tid. Den har sitt opphav i fleire ulike religionar og skikkar, men mange meiner at den keltiske hausttakkefeiringa har påverka mest. Den siste dagen i oktober feira det keltiske folket overgangen til eit nytt år og slutten på sommaren og innhaustinga.

Ifølge tradisjonen er skiljet mellom den logiske, daglege verda og den meir skremmande nattverda nærast usynleg på Halloween. Difor er det vanleg å pynta med gjenstandar som symboliserer døden, dei levande døde, svart magi og mytiske monster. Det er òg vanleg å nytte enkelte symbol for haust og grøde. Det gjeld særleg graskar, helst med utskorne ansikt, og fugleskremsel, som representerer både jordbruk og dei levande døde.

Ein av dei gamle skikkane på Jæren er å laga roelykt. Den blei vanleg frå 1920-åra. Den kan ha kome hit med norske utvandrarar som kom heim frå Amerika og hadde sett at dei laga lykter av uthula graskar.

Her på Hå gamle prestegard feirar me dagen både med nye tradisjonar, men me tek og opp tradisjonen frå vårt distrikt med å nytta roer
for å laga roelykter.  

Velkomen til magi og moro denne sundagen på Hå gamle prestegard. 

Billettar: Barn kr 50 / vaksne kr 60.
Arr. i samarbeid med Vennelaget for Hå gamle prestegard

 

Arrangør

Hå gamle prestegard
Adresse
Håvegen 347
Postnummer og stad
4365 Nærbø