Eit av offera for Holocaust var Ludwig Melzer som budde på Ogna. For at Melzer og historia hans ikkje skal verte gløymt, vil Hå kommune i samarbeid med Hå historielag og Jødisk museum i Oslo leggje ned eit minnesmerke (ein «snublestein») ved Ogna skule/ biblioteket på Ogna. I samband med dette vert det ei offisiell markering. Program for markeringa vert publisert på våre nettsider og i Jærbladet.
«Snublesteinar» er minnesmerke over offer for nazismen under andre verdskrigen. Kvar stein er utforma som ein brustein og vert lagt ned i gata. Det er kunstnaren Gunter Demnig som har satt i gang Kunst- og minneprosjektet.