Ny sjanse for dei som ikkje fekk plass sist - til å sy ein enkel genser saman med Monica Cecilie Herredsvela på biblioteket. For å bli med, må du ha med jerseystoff (nok til den storleiken du skal sy i), tråd, saks, målband og knappenåler . Det er lurt å ha med eigen symaskin, men gje beskjed i god tid om du treng å låne av oss. (Me har tilgang til nokre få maskinar). I tillegg må du ha kjøpt inn mønster (Stoff & Stil, mønsternr. 87000, str. XS til XXL eller be om hjelp til å finne liknande mønster dersom du skal sy til barn 4-16 år).
Påmelding til bibnar@ha.kommune.no frå 10. september. Oppgje kva storleik du vil sy i.
For vaksne. Få plassar. Gratis.
Monica debuterer snart som forfattar av boka "Fra drøm til søm - Vakker, enkel og brukbar redesign".
Arrangør
-
-
Hå folkebibliotek
-
Adresse
-
Dalvegen 21
-
Postnummer og stad
-
4365 Nærbø