Viktig melding

Lukk meldinga

STEINALDER OG JERNALDER PÅ HÅ

Vandring i fortida med 
forskar Olle Hemdorff frå
Arkeologisk museum i Stavanger og
marinarkeolog Endre Elvestad

Dato
9. september 2018
Tid
13:00 - 14:00
Stad
Hå gamle prestegard

I området rundt Hå gamle prestegard er det mange viktige kulturminne som både er synlege og ikkje synlege.
Steinalderbuplassen som er 8200 år gamal blei funnen under strandvollen på prestegarden under graving av grunnmuren til jærhuset som blei flytta hit i 1985. Funna er stilt ut i utstillinga SPOR i kjalleren på jærhuset.
Strandgravfeltet frå folkevandringstida, ca. 300 - 700 e.Kr, er eit av dei største i Norden.
I 2013 blei det funne ein handelsplass frå vikingtida mellom prestegarden og Håelva med detektorundersøkelse.

Funna frå fortida visar at folk i gamal tid hadde mykje kontakt med uteverda. Ny teknologi gjer at me stadig finn ut nytt om tida og folka som var før oss. Dette og mykje anna fortel Olle Hemdorff om på ei vandring tilbake til fortida denne søndagen. Olle Hemdorff er forskar ved Arkeologisk museum i Stavanger.

Med denne dagen er også Endre Elvestad. Han skal fortelja om funn av ein gamal båtplass ved Håelva som han meinar har vært viktig for livet og handelen her.
Endre Elvestad er marinarkeolog og tidlegare ansatt ved Stavanger maritime museum.

Billett kr 80 kjøpast i resepsjonen på Hå gamle prestegard. Billetten inkluderar inngang til utstillingane.

Oppmøte på gardsplassen.

Kafeen er open fra kl. 12 - 17. Få med deg ein god lunsj anten før eller etter vandringa.

Arrangør

Hå gamle prestegard