tysdag 27. mars 2018 13:00 - måndag 16. april 2018 15:00

Informasjon

Søk om tilskot til rehabilitering av private hus og anlegg i Hå kommune.

Hå kommune kan gi tilskot til rehabilitering av private hus og anlegg i kommunen. Tilskotet skal gå til å dekkja meirkostnader ved rehabilitering etter antikvariske retningsliner. Hus i verneklasse A og B skal prioriterast, men andre søkjarar kan og få tilskot ut frå kulturvernvurderingar. Det er sett av kr 150.000 til formålet i 2018.

Søknaden må innehalde; Namn på søkjar, e-post og telefonnummer med skildring av planlagt arbeid og søknadssum. Send og gards/bruksnr. og adressa til huset / anlegget det gjeld.

Søknad om tilskot kan sendast til:
Hå kommune v/kulturvernavd., Håvegen 347, 4365 Nærbø. E-post: kultur@ha.kommune.no

Frist: 16. april 2018.

Stad


 

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Filter

Søk