laurdag 17. november 2018 14:00 - søndag 20. januar 2019 17:00

Informasjon

Mara Sola
PORCUPINE`S DILEMMA
objekt / akvarell 

 

Velkomen til opning av nye utstillingar på Hå gamle prestegard 17. november kl. 14.00.

Nervøs, sint, svak, kjærleg, skyldig, stolt. I stallen syner Mara Sola akvarellar og objekt der tema krinsar rundt menneskelege kjensler og relasjonar. Arthur Schopenhauer (tysk filosof, 1788-1860) hadde ein teori om menneskelege relasjonar der han nytta piggsvinet som metafor. Han samanlikna menneskelege kjensler med korleis desse dyra opptrer.

Korleis er me menneske i relasjon til andre? Når me er forelska? Når me er i saman med familie eller venner? Me har alle opplevd kor sårbare me kan vera i møte med andre. 

Me kan òg kjenna eit ubehag i møte med eigne kjensler.  Me er som piggsvinet som er ute ei kald vinternatt. Me vil gjerne ha nærleik, men me kan bli såra om me kjem kvarande for nær.

Det behovet me kjenner for å bli elska har òg samanheng med behovet for å ha avstand. For å kunne beskytte seg sjølv må ein få den avgjerande avstanden slik at ein òg kan vera sjølvstendig.

Som ein kommentar til slike universelle tema har Mara Sola laga arbeid der grenser, sårbarhet og avstand blir uttrykt i akvarellpapir og objekt. Dei representerer på ulikt vis det mangfaldet av kjensler som finnes i menneskelege relasjonar.

Mara Sola (1975) er fødd i Spania, har budd fleire år i Irland og bur og arbeider no i Stavanger. Sola er mellom anna utdanna ved Galway-Mayo Institute of Technology i Irland. Ho har hatt fleire separatutstillingar og delteke på fleire gruppeutstillingar, mellom anna på Rogaland kunstsenter og Studio 17 i Stavanger. Ho er kjøpt inn av Stavanger kommune, Office of Public Works, Dublin og fleire private samlarar i USA, Norge, Irland, England og Spania. 

 

Opning ved Martin Worts.
 

Utstillinga står til 20. januar 2019.

 

 

Stad


 

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Filter

Søk