laurdag 24. mars 2018 14:00 - søndag 27. mai 2018 17:00

Informasjon

Terje Roalkvam

DIVISO

objekt 

«(…) balanse mellom menneskets behov for system og naturens mangfold»

Terje Roalkvam tek utgangspunkt i kontrasten mellom to ulike materiale i arbeida sine. På den eine sida kan det vera industrielt produsert aluminium, på den andre eit naturmateriale som stein eller tre.

Roalkvam arbeider i eit non-figurativt biletspråk, der geometriske grunnformer er basis. Dei skulpturelle objekta kretsar rundt omgrep som balanse/ubalanse, lyst/mørkt, varmt/kaldt, hardt/mjukt, glatt/ru, motsetting/samspel, fortid/notid, og det naturskapte/det som er konstruert av menneske.

Grunnforma vert ofte delt i to, aldri eksakt eller matematisk, men som ein del av samspelet mellom det konkrete naturmaterialet og det industrielle materialet. Dei to delane ser ut til å konkurrere mot kvarandre eller frigjere seg frå kvarandre.

Kunstnaren seier sjølv at «arbeidene undersøker med en sanselig tilnærming samspillmuligheter mellom de ulike materialene, og søker en balanse mellom menneskets behov for system og naturens mangfold.»

Terje Roalkvam (f. 1948 på Valen i Sunnhordland) bur og arbeider i Oslo. Han er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, Oslo og Kunstakademiet i Warszawa. Han har hatt over 40 separatutstillingar, mellom anna i Lillehammer Kunstmuseum, Nordnorsk Kunstmuseum, Stenersenmuseet, Haugesund Billedgalleri, Kunstnerforbundet, samt fleire stader i utlandet. Han har delteke på ei rekkje kollektiv- og gruppeutstillinger i Norge, Europa, USA og Japan. Kunstnaren har utført ei mengd utsmykkingar i offentleg og privat regi, mellom anna Statsministerboligen/Regjeringens representasjonsbolig, Nasjonalbiblioteket, Rikshospitalet og NSB Nationaltheatret stasjon. Han er representert i mellom anna Göteborg Konstmuseum, Statens Konstråd, Stockholm, Mondriaanhuis Museum voor Constructieve en Concrete Kunst, Amersfoort, Minneapolis Institute of Art, Museet for samtidskunst, Oslo, Lillehammer Kunstmuseum, Nordnorsk Kunstmuseum, Oslo Kommunes Kunstsamlinger, Bergen Billedgalleri og Haugesund Billedgalleri.

 
 

Kunstnaren vil vera til stades i monteringsveka.

Omvising med kunstnaren i utstillinga 25. mars kl. 13.30.

Utstillinga står til 27. mai. 

Stad


 

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Filter

Søk