Viktig melding

Lukk meldinga

Utstilling: Teresa Puig

Teresa Puig
Converses
teikning / video 

 

 

Tidspunkt
Laurdag 27.01.2018 14.00 - søndag 18.03.2018 17.00
Stad
Hå gamle prestegard

Som kunstnar er Teresa Puig oppteken av korleis me tenkjer på, eller oppfattar, eit rom, ein dimensjon eller ein struktur. Dette gjeld òg måten me bevegar oss på, eller ter oss, i desse romma.

I utstillinga Converses (samtalar) framstiller ho ein tom, immateriell og usynleg stad som me ikkje heilt kan oppfatte. I denne samanhengen er filosofen Foucault og hans omgrep Heterotopia viktig og noko som kunstnaren er oppteken av.For Foucault finnes det rom som ikkje er ekte, dei er verken her eller der og dei kan verke både fysiske og psykiske på same tid, som til dømes forbindelsen via ein telefon. Teresa Puig reiste frå heimlandet sitt i år 2000 og har etter det hatt daglege samtalar på telefonen med mora.Utstillinga Converses prøver å fylle det usynlege rommet i dialogen mellom henne og mora. Puig opplever at dei daglege samtalane, stemmen til mora, fortrulegheita og dei felles minna skapar eit sterkt band mellom dei, trass den fysiske avstanden mellom mor og dotter.

Prosjektet er ei samansetting av teikningar, fotografi og ein videoinstallasjon. Alle verka inneheld linjer og bølgjer som overlappar og kryssar kvarandre. Dei blir former som minner om bølgjer på havet eller vatn i ei elv. Dei kan minne om seismiske strukturar eller radiobølgjer som rører seg usynleg i rommet og som gjev ei kjensle av volum og tyngdekraft. Gjennom repetisjonen av linjene oppstår det ein dialog, ei progressiv rørsle og ei oppleving av tida som går.

Teresa Puig bur og arbeider i Stavanger. Ho er utdanna mellom anna ved University of Wales (MA Fine Art). Ho har ei lang rekkje separatutstillingar bak seg, frå Noreg, men òg frå større galleri og institusjonar i utlandet. Sist ho stilte ut på Hå gamle prestegard var i 2010, då med prosjektet La Ciudad Condenada en el Desierto maldito, Mexico.

Opning ved kunstnar Eli Glader.

Omvising i utstillinga kvar sundag kl. 13.30.

Utstillingane står til og med 18. mars. 

Arrangør

Hå gamle prestegard