måndag 15. januar 2018, 18:00 - 19:30

Informasjon

Kirsten Myklebust, ny redaktør i Jærbladet, kjem til biblioteket for å fortelja om bokserien til Ferrante

«Napoli-kvartetten» av Elena Ferrante har vore på besteseljarlistene i Norge sidan første bok, «Mi briljante venninne», kom ut i 2015. Dette var starten på ei lang romanforteljing, fordelt på fire bøker, der handlinga er strekt ut over seks ti-år og liva til to kvinner.

Bøkene følgjer dei to venninnene Elena og Lila – frå barndomen i Napoli, etterkrigstida og vidare opp gjennom livet frå dei er seks år gamle til dei er 66 år i 2010 - med italiensk historie og utvikling som bakteppe.

Sommaren 2016 drog Kirsten Myklebust til Napoli for å reisa i Elena Ferrante sine fotspor. Ho leita seg fram til Elena sin bydel, skular og oppvekstmiljø. I dette foredraget vil du få sjå bilete og video fra Napoli, med Kirsten som guide.

Kaffi/te/twist. Gratis.

 

Stad


 

Kontakt


Dalvegen 21,  4365 Nærbø

(E-post): habib@ha.kommune.no

URL http://www.ha.no/bibliotek

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Filter

Søk