laurdag 9. desember 2017, 12:00 - 13:00

Informasjon

Vinter- og juleeventyr fortalt av Marianne Stenerud.

Om vinteren er jorda mørk og kald. Sola gjev berre litt lys og litt varme. Vinterhimmelen er som eit mørkt og uendelig lokk. Derfor sender stjernene sitt sølvlys ned til oss og kviskrar: « Opna øyrene! Opna augene!  Opna hjartet!».  Det er ei tid full av magi. Det er ei tid der alt kan skje. I ly av mørket kravlar det fram dei raraste skapningar. Dyra kan snakka og kaker vert levande.

Kom og høyr et knippe av dei underlege historiane, så kan me oppleva litt av juletida sin magi saman.

Passar for barn frå 4 år. Varer i ca. 40 minutt. Gratis.

Marianne Stenerud er ein erfaren og kreativ forteljar. Hennar spesialitet er oppsettingar for barn. Ho er forteljarkunstnar på heiltid og har i meir enn eit tiår gjennomført mange førestillingar og turnèar for barnehagar, skular og familiar. Ho opptrer i ulike konstellasjoner, ofte aleine med forteljingane, men også i samarbeid med filosofar, musikarar, heile symfoniorkester eller andre forteljarar.

 

Stad


 

Kontakt


Dalvegen 21,  4365 Nærbø

(E-post): habib@ha.kommune.no

URL http://www.ha.no/bibliotek

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Filter

Søk