Viktig melding

Lukk meldinga

Nysgjerrigtimen: Øverst på Naziztenes liste

Årets «Hele Rogaland leser»-bok er "Øverst på nazistenes liste" av Arne Vestbø. Me får besøk av forfattaren som vil fortelja frå boka si.

Øverst på nazistenes liste fortel historia om Moritz Rabinowitz, ein polsk-jødisk innvandrar som kom til Haugesund i byrjinga av 1900-talet. Han starta opp fabrikkar og butikkar i Haugesund, Stavanger, Eigersund og Kristiansand før han vart teken av tyskarane og drepen i Sachsenhausen.

Heile 25.000 eksemplar av faktaboka Øverst på nazistenes liste skal delast ut gratis til innbyggjarane i fylket.  Utdelinga skjer på biblioteket til hausten, frå og med 16. september. «Hele Rogaland leser» går inn i sitt tiande år. Målet med prosjektet er å gje befolkninga i Rogaland ei felles leseoppleving og auka interessa for litteratur.

For større barn, ungdom og vaksne

Dato
28. oktober 2017
Tid
12:00 - 13:00
Stad
Hå folkebibliotek

Arrangør

Hå folkebibliotek
Adresse
Dalvegen 21
Postnummer og stad
4365 Nærbø