laurdag 3. juni 2017 14:00 - søndag 27. august 2017 17:00

Informasjon

POWER TO THE BEES

Kunst, natur og kultur

Opning av dagen ved ordførar Jonas Skrettingland
Musikalsk innslag ved Ilmari Hopkins
Opning av utstillinga ved fylkesmiljøsjef May Britt Jensen

Biene sitt liv og produksjon av honning har fascinert menneska gjennom historia. Også kunstnare har latt seg inspirere av estetikken og funksjonaliteten i bikubane, og symbolikk og myter knyta til honning.  

Dette er utgangspunktet for satsinga for sommarutstillinga på Hå gamle prestegard i 2017 med det internasjonale utstillingsprosjektet POWER TO THE BEES som handlar om bier, natur, kunst og samfunn. 

Med utstillina ynskjer galleriet å gje publikum ei oppleving og ny innsikt om ein aktuell samfunnsproblematikk gjennom kunstnarens blikk. Seks kunstnarar er invitert til å delta i utstillingsprosjektet. Dette er kunstnarar som på kvar sin måte arbeider med bier, honning og voks. Kunstnarane er Sabino Guisu (MX), Ren Ri (Kina), Louis Maisai (US) Stanislaw Brach (PL), Ann Kristine Aanonsen (NO) og Sidsel Hanum (NO). Det blir og vist ein dokumentar om Terence Koh (USA).

Saman med samarbeidspartnarar viser og galleriet ein miljørelatert og kulturhistorisk del i utstillinga som tek opp og underbyggjer tema kunstnarane arbeider med.

Utstillinga står til og med den 27. august.

Norsk kulturråd  Fylkesmannen i Rogaland

 

Stad


Håvegen 347,  4365 Nærbø

Tlf.: +47 5179166

(E-post): post.hgp@ha.kommune.no

URL: http://www.hagamleprestegard.no

Kontakt


Håvegen 347,  4365 Nærbø

Tlf.: 51791660

(E-post): post.hgp@ha.kommune.no

URL http://www.hagamleprestegard.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Filter

Søk