Utstilling: Arvid Pettersen

laurdag 3. juni 2017 14:00 - søndag 27. august 2017 17:00

Informasjon

Arvid Pettersen
16,67x3
maleri

Arvid Pettersen er ein av dei mest markante malarane i sin generasjon. Han har også spelt ei viktig rolle som kunstpedagog. Pettersen debuterte som grafikar på Vestlandsutstillingen 1967 og slapp også til på Høstutstillingen samme år. Det er difor 50 år som kunstnar som blir markert på utstillinga på Hå gamle prestegard.

Pettersen var med på å starta det kunstnardrivne Galleri 1 i Bergen og hadde sin første separatutstilling der i 1970. På utstillinga dominerte maleriet, sjølv om han ikkje hadde formell utdanning innafor dette mediet. Autodidakten vakte likevel merksemd med sine fabuleringar kring teknologiens nye verdsbilete og menneskets kosmiske ekspansjonstrang.

Samfunnskritikken kom eksplisitt til uttrykk i Pettersen sitt bidrag til EEC(EF)-debatten to år seinare, då han blant anna brukte tønnelokk av tre som underlag for sine realistiske motiv frå Sunnfjord til Svolvær med innskrivne slagord frå utkant-Norge mot Brussel. Dette agiterande aspektet skulle han seinare utdjupe både tematisk og malerisk i ein serie bilete frå midten av 1970-årene, kor nypløgde åkrar, grøftar i myrlandskap, moloar ved kysten og snøskjermar på fjellet stod som “spor” etter mennesket sin innsats. Rovdrifta på naturressursane gikk som ein rød tråd gjennom hans maleri på Venezia-biennalen 1976, kor bileta blei “bura inne” med netting og “temma” til krasse metaforar for kortsiktige profittmotiver.

Pettersen var lærar ved Vestlandets Kunstakademi 1977–78 og amanuensis ved Statens Kunstakademi 1983–85. Dei motiviske motsetningane i hans maleri forsvann mot slutten av 1970-åra til fordel for ein malerisk dialog med norsk nyimpresjonisme og kontinental ekspresjonisme. Men Pettersen blei ingen tradisjonalist, og under ei utstilling i Trondheims Kunstforening i 1981 gjekk han til det drastiske skritt å snitte opp fleire av lerreta og omgruppera fragmenta til nye samanstillingar.  I 1990-åra gav fleire reiser til Afrika nye impulsar til hans maleri, og han kom i nær kontakt med kollegar frå Botswana og Zimbabwe. 

I utstillinga på Hå visar han bilete frå kvart tiår som kunstnar, saman med heilt nye maleri.

Utstillinga står til og med den 27. august.

 

 

 

Stad

Hå gamle prestegard
Håvegen 347,  4365 Nærbø

Tlf.: +47 5179166

(E-post): post.hgp@ha.kommune.no

URL: http://www.hagamleprestegard.no

Kontakt

Hå gamle prestegard
Håvegen 347,  4365 Nærbø

Tlf.: 51791660

(E-post): post.hgp@ha.kommune.no

URL http://www.hagamleprestegard.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Filter

Søk