Viktig melding

Lukk meldinga

Fridtjof Nansen og mannskapet på første Framferd (1893–96).

Foredrag med 
Geil Kløver
Direktør ved Frammuseet

Dato
11. juni 2022
Tid
15:30 - 16:30
Stad
Hå gamle prestegard

Foredrag med Geil Kløver
Direktør ved Frammuseet

I 1893 drog Fridtjof Nansen ut på den første polferda med skuta Fram.

I foredraget denne ettermiddagen på Hå gamle prestegard vil Geir Kløver, direktør ved Frammuseet i Oslo, fortelje i ord og bilete om polferda til Fridtjof Nansen med skuta Fram og om mannskapet og livet ombord.

Theodor Claudius Jacobsen gjorde seg merka som ein del av mannskapet på denne nasjonalt historiske ferda. Etter polferda blei Jacobsen fyrvaktar på Obrestad fyr frå 1897 - 1917.

Foredraget er i samband med utstillinga om fyrvaktar Jacobsen som opnar på Obrestad fyr laurdag 11. juni kl. 14.00.

Les meir om utstillinga:
POLARFARAR OG FYRVAKTAR THEODOR CLAUDIUS JACOBSEN (1855-1933) - Hå Gamle Prestegard (hagamleprestegard.no)tstillinga:

Foredraget er gratis, men meld deg på så me veit at du kjem til:
post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660. 

Utstillinga og foredraget er støtta av Norsk Kulturråd.

Velkomen. 

Arrangør

Hå gamle prestegard