Gerda Sviland fortel: «Hvor ble det av alt sammen?»

Holocaustdagen er til minne om dei mange millionar jødar som døydde under 2.verdskrig. Hå kommune vier ei heil veke til «Veka for gjensidig respekt».

Alt jødane åtte blei teke frå dei før deportasjon. Kva skjedde med eigedelane deira under og etter 2.verdskrig? Berre 35 jødar kom tilbake til Norge då krigen var slutt. Blei dei møtt med respekt  etter det dei hadde opplevd?

Gerda Sviland har arbeidd som reiseleiar i Hvite Busser i mange år. Ho har besøkt konsentrasjonsleirane i Tyskland og Polen fleire gongar i året, saman med skuleelevar frå heile landet. Ho er sertifisert som guide i Sachsenhausen i Tyskland, og kjenner leirane godt.

Støtta av Fritt Ord. Gratis. Påmelding i biblioteket eller på TicketCo.

 

Dato
24. januar 2022
Tid
18:30 - 19:30
Stad
Ogna bibliotek

Arrangør

Hå folkebibliotek
Adresse
Dalvegen 21
Postnummer og stad
4365 Nærbø