Vedtak
Avtale med Damby Eigedom As signert 27.05.2022. om kjøp av deler av gnr. 53. bnr 68. – blir avslått.Næringssjefen bes ta kontakt med kjøper av næringstomt på areal avsett til arealkrevjande industri. Formannskapet vektlegg at det skal vera arbeidsintensiv næring i Tjemslandsmarka.
Behandling
Jan Erik Tuen (H) bad om gruppemøte, som blei halde.
Formannskapet tok plass att.
Svein Høyland (Sp) fremja alternativ fellesforslag på vegne av frå Sp, H og KrF:
Avtale med Damby Eigedom As signert 27.05.2022. om kjøp av deler av gnr. 53. bnr 68. – blir avslått.
Næringssjefen bes ta kontakt med kjøper av næringstomt på areal avsett til arealkrevjande industri.
Formannskapet vektlegg at det skal vera arbeidsintensiv næring i Tjemslandsmarka.
Ved alternativ røysting mellom kommunedirektøren si innstilling og forslag fremja av Svein Høyland (Sp), vart forslag fremja av Svein Høyland vedteke med 6 røyster mot 3 røyster (Hå-lista, Frp).