Viktig melding

Lukk meldinga

Else Skranefjell: «INGEN VIL HA OSS»

 Else Skranefjell fortel frå dei to første binda i bokserien Ingen vil ha oss. I bind I møter me Jakob Goldschmied, tysk soldat, som kjem heim til Berlin i 1918. Tyskarane har tapt 1. verdskrig. Livet i fredstid blir vanskeleg til trass for at den jødiske familien lever godt av gullsmedforretninga si. Jakob og familien hans gjennomlever mellomkrigstida med superinflasjon, massearbeidsløyse og Krystallnatta. Bakteppet er nazistane sin frammarsj og Hitler sine aukande restriksjonar mot jødane. Flukt fra naziregimet blir etter kvart den einaste utvegen for å overleve.

I bind II er det den syriske familien al-Alai, me møter. Dei lever fredeleg ved Genesaretsjøen i Palestina. Men alt blir annleis i 1948 når den sjølvstendige staten Israel blir oppretta. Far og son flyktar til heimlandet sitt, Syria, men reiser tilbake att til Israel når krigen er slutt. I 2010 startar unge Shadi al-Alai å studere ved universitetet i Damaskus. Vi følgjer han frå starten på borgarkrigen i 2011 til han blir tvungen til å flykte frå Syria i 2015. Vil Noreg gi dei asyl?

Støtta av Fritt Ord. Påmelding / gratis billettbestilling

Dato
14. september 2021
Tid
18:00 - 19:00
Stad
Hå folkebibliotek

Arrangør

Hå folkebibliotek
Adresse
Dalvegen 21
Postnummer og stad
4365 Nærbø