Viktig melding

Lukk meldinga

LENA LINDAHL: Jenta i veggen - i skjul for nazistene

27. januar er minnedagen for ofra for Holocaust. Hå kommune markerer dagen med «Veka for gjensidig respekt». I Biblioteket i Hå kan du få med deg det digitale foredraget Jenta i veggen av Lena Lindahl. I 2018 kom ho ut med boka Jenta i veggen - i skjul for nazistene. Boka er ein biografi om Betzy Rosenberg, ei norsk-jødisk jente som klarte å gøyme seg for tyskarane og norske nazistar i Trondheim frå hausten 1942 til krigen var slutt. Foredraget tek for seg jødane si historie knytt til 2. verdskrig og Betzy Rosenberg sin skjebne spesielt.

Klikk på lenka: https://www.youtube.com/watch?v=CnT47c7ngLk&feature=youtu.be

Foredraget vil vere tilgjengeleg for deg døgnet 27.januar og varer i 64 minutt.

Alternativt kan du møta opp i Litlaståvå i biblioteket og sjå foredraget på storskjerm kl.13.00. Meld deg på først: 51 79 36 80 /  bibnar@ha.kommune.no

Digital produksjon av Jødisk museum. For ungdommar og vaksne. Støtta av Fritt Ord. Gratis.

Dato
27. januar 2021
Tid
0:00 - 23:55
Stad
Hå folkebibliotek

Arrangør

Hå folkebibliotek
Adresse
Dalvegen 21
Postnummer og stad
4365 Nærbø