Tusen
takk til alle som melder inn til oss aktuelle bustader for utleige til
flyktningar.
Samtidig
ser me at det er mange flyktningar som er i gang med sjølvbusetting i Hå.
Det betyr rett og slett at flyktningar som allereie oppheld seg her lokalt,
finn ein bustad sjølv. Dette er ei ordning som mellom anna gjer at folk som
allereie har eit nettverk i kommunen, kan halda fram med å bu her. Du finn meir
informasjon om sjølvbusetting på nettsidene til IMDi: https://www.imdi.no/planlegging-og-bosetting/bosettingsprosessen/selvbosetting/
Me
oppfordrar alle som har tilgjengelege bustader – også dei som allereie er meldt
inn til kommunen – om å legga ut desse på Finn.no. Då vert dei tilgjengelege
for endå fleire, og du kan kanskje få leigd ut bustaden din litt raskare.
Igjen –
tusen takk til alle som bidrar i denne krisesituasjonen som nå har oppstått i
Europa. Me håper og trur at alle flyktningar som kjem til Hå skal få ein varm
velkomst og finna seg ein passande bustad her.