Vaksinar og smittevernHald deg oppdatert på vaksinar som kan beskytta deg og dine næraste. Du finn informasjon om vaksinar du har tatt tidlegare på Helsenorge. Reisevaksine:Hå reisevaksine held til på Vigrestad helsesenter i Langgata 27. Timebestilling og meir informasjon InfluensavaksineInfluensavaksine er ein sesongvaksine.Vaksinering pågår frå midten av oktober til februar/mars.Ta kontakt med legekontoret for å bestilla time. Apotek 1 Heilo vaksinerer personar i risikogruppene etter 1. november.KoronavaksinePåfyll hausten 2025 er anbefalt til risikogrupper og personer over 75 år, personar over 65 år kan få tilbod. Ein kan få sett vaksiner på fastlegekontoret ein høyrer til eller på Heilo apotek på Nærbø. PneumokokkvaksineAnbefalt til alle over 65 år og risikogrupper, vert satt på fastlegekontoret. I 2025 er nytt at alle som er født i 1960 får sms og råd om ein ny vaksine som ikkje treng påfyll. Les meir om voksenvaksinasjonsprogrammet her. Sist endra 19.11.2025 12.47