Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Parkeringskort er for deg som har vesentleg nedsett forflyttingsevne og har eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader. 

Kva må du ha med i søknaden?

  • Du må visa at du har eit særleg behov for parkeringslette og forklara kvifor du ikkje kan bruka dei ordinære parkeringsplassane
  • Skriv konkrete stader der du opplever vanskar med å parkera på ordinære parkeringsplassar og kor ofte du bruker dei
  • Legg ved passfoto av deg sjølv
  • Viss du søker som førar må du legga ved kopi av begge sidene av førarkortet ditt
  • Legg ved legeerklæring, der legen skildrar forflyttingsevna di og kva eventuelle hjelpemiddel du bruker

Søk om parkeringskort (PDF, 268 kB)

  • Du kan søka som førar av motorvogn eller som passasjer. 
  • Når du søker som passasjer, gjeld eit tilleggsvilkår om at du må ha behov for regelmessig hjelp av førar utanfor køyretøyet. 
  • Forflyttingshemma som ikkje køyrer sjølv, skal som hovudregel køyrast til inngangspartiet og følgjast inn. Det er ikkje nødvendig med parkeringsløye for å gjera dette. 

For deg som har fått parkeringskort

  • Når kortet er plassert med framsida godt synleg bak frontruta, kan du: 

    • Parkera på plassar som er reservert for forflyttingshemma, dette gjeld alle offentlege parkeringsplassar som er merka med handikap-skilt. 
    • Parkera på handikap-plassar på parkeringsplassar drifta av private parkeringsselskap. Her må du som regel betala avgift. 
    • Parkera på stader med bustadsoneparkering. 
    • Passera bomring utan å betala avgift. Dette må du først søka om hjå Nord-Jæren bompengeselskap, eller det selskapet du har autopass-avtale med. I frittståande bomstasjonar må du derimot betala avgift. 

    Kortet er utstedt til deg personleg og kan ikkje brukast av andre enn deg. Kortet følger deg som person, ikkje bilen.  

    Parkeringskortet gjeld i heile Norge. Kortet gjeld òg i heile Europa, men då etter reglane i dei enkelte landa du besøker. 

Har du fått avslag på søknaden? 

Om du ikkje er nøgd med vedtaket du har fått, har du rett til å klaga. Klagen må vera skriftleg og må sendast innan tre veker frå du mottok vedtaket. 

Send klagen til innbyggarservice i Hå kommune. 

Dersom avgjersla ikkje blir endra, sender me klagen din vidare til kommunen sitt klageorgan. 

Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede - Lovdata