Ogna skule

Ogna skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg sentralt plassert på Ogna. Rett i nærleiken finn me òg butikk, kyrkje, idrettshall med kunstgrasbane, bedehus og bensinstasjon. Skulen ligg midt i ei naturperle omgitt av flotte sandstrender, Ognaelva, skog og fjell. Vi flytta inn i ny skule januar 2018.

Skuleåret 2023-2024 har skulen 260 elevar og ca. 40 tilsette.

Kantina

Skulen har eigen kokk som står for den daglege drifta av kantina.

Vi har tilbod om skulemåltid 3 dagar i veka for 1.-2. trinn, 4 dagar i veka for 3.-7.trinn og 5 dagar i veka for 8.-10. trinn. Det vert servert brød og knekkebrød med eit variert utval av pålegg. Det koster 16 kr pr.dag for skulemåltid, frukt er inkludert i prisen. Det blir servert varmrett ein dag i veka.

Skulen gjev tilbod om vanleg lettmjølk og laktosefri for dei som treng det. Dersom ein ikkje abonnerar på mjølk, får ein vatn til måltida. Det koster 5 kr pr.dag for mjølk.

Klassane et samla i kantina, anten elevane abonnerer på mat eller har med seg eiga matpakke. 

Miljøterapeut

Marianne Særheim er miljøterapeut på ungdomstrinnet på skulen kvar torsdag. Dersom elevane treng å snakka om vanskelege ting, kan dei ta kontakt på kontoret i administrasjonen eller på mail msar@skule.ha.no eller tlf 957 64 967. Lærarar og foreldre kan også ta kontakt dersom dei er bekymra for elevane/barna sine.                      

 

3 brødskiver med pålegg

                                            Praksisskule

Frå skuleåret 2018/2019 er Ogna skule ein praksisskule for Universitetet i Stavanger.

Me tek imot grupper med studentar som skal læra praksisfeltet å kjenna. Det er laga ein eigen plan som vert brukt i møtet med studentane.

Visjon Ogna skule

Ogna skule, ein plass for deg i eit godt læringsmiljø.

- Ein plass der du kan veksa, leva, læra og utvikla deg til den beste utgåva av deg sjølv.

- Det skjer i eit fellesskap prega av tryggleik, fellesskap, respekt, likeverd, omsorg, kunnskap, mestring, utfordringar, samspel, leik, glede, humor osv.

Ansvaret for å arbeida mot visjonen ligg på tilsette, foreldre og elevar

 

    



 

 

 

 

 

Tilbake

Kontakt

Helge Håland
Helge Håland
Rektor
Mobil: 41532615
Linda Maurseth
Linda Maurseth
Konsulent