Hå folkebibliotek avd. Varhaug
Grunna ombygging på Varhaug skule, vert Hå folkebibliotek, avdeling Varhaug, stengt f.o.m. 1. mai 2009. Det er usikkert kor lenge filialen skal vere stengd, men truleg opnar han først i august 2010.
Vi oppfordrar lånarane våre til å låne mange bøker hjå oss før vi stenger. Det vil ikkje bli sendt ut purringar frå avdeling Varhaug i byggeperioden. Innlevering av lånt materiale kan gjerast i Stuelandsbygget på Varhaug, der Varhaug skule har lokale i byggeperioden. Inngang til dette er mellom Lars Gaute Sport og Spar, opp trappa og inn til administrasjonen. Her vil det stå ei innleveringskasse som ein kan levera i.
I byggeperioden kan lånarar som til vanleg bruker filialen på Varhaug, bruke filialane på Ogna og Vigrestad, eller hovudbiblioteket på Nærbø. Lånarar som er dårlege til beins, ikkje disponerer bil, eller av andre grunnar har vanskeleg for å kome seg til biblioteka i dei andre tettstadene i Hå, skal bli følgde opp individuelt. Ta kontakt med filialen på Varhaug ved oppmøte eller på tlf. 992 14 830 fram t.o.m. 30. april, eller hovudbiblioteket på Nærbø på tlf. 51 43 40 11. Ta evt. kontakt med oss på e-post bibvar@ha.kommune.no
Avdeling Varhaug
STENGT FRÅ 1. MAI 2009 TIL HAUSTEN 2010
Adr: Varhaug skule, 4360 Varhaug
Telefon: 99 21 48 30
Fax: 51 79 17 09
E-post: bibvar@ha.kommune.no