|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Hå folkebibliotek
|
|
Dalv. 21
|
|
Postboks 174
|
|
4365
Nærbø
|
 |
|
Telefon
|
:
|
51 43 40 11
|
|
Faks
|
:
|
51 43 40 09
|
|
Hva skjer?
| | ma | ti | on | to | fr | lø | sø |
|---|
| 30 | 31 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | | 27 | 28 | 29 | 30 | 1 | 2 | 3 | | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 |
|
|
|
Hå folkebibliotek - Reglar for utlån
Alle som ønskjer det, får lånekort. Biblioteket kan krevja legitimasjon for å skriva ut lånekortet. Lånekortet gjeld på alle bibliotekavdelingane i kommunen, og skal visast fram kvar gong ein skal låna. Fyrste lånekortet er gratis. Ved tap av lånekortet kostar det 10,- kr. å få nytt. Fram til 14 år må ein ha underskrift frå foreldre/føresette for å få lånekort. Adresseendring og tap av lånekort må meldast.
Utlån blir registrert på data, og sletta når materialet er levert inn. Biblioteket har eit lånarregister som stemmer med føresegner frå datatilsynet. Lånetida er normalt 4 veker. For video er lånetida 1 veke, og for språkkurs 8 veker. Biblioteket kan bestemma anna lånetid for spesielt etterspurt materiale. Lånetida kan forlengast dersom ikkje materialet er bestilt av andre.
Lånaren er ansvarleg for det materialet som er lånt på lånekortet. Purring blir sendt dersom materialet ikkje blir levert i rett tid. Gebyr for purring må betalast. 3. varsel er rekning. Det er då tilleggsgebyr for rekning og eventuell inkasso. Biblioteket vurderer erstatning for øydelagt eller forsvunne materiale. Dersom ikkje lånarar rettar seg etter utlånsreglane, eller på annan måte misbruker biblioteket sin tillit, kan dei mista retten til å låna for eit tidsrom som biblioteket bestemmer.
|
|
|
Netteneste for språklege minoritetar
|