|
Gamle jærske ord og uttrykk
 |
| |
Eit år er ingen mannsalder.
|
| |
|
|
|
|
|
Velkomen til Hå kulturhistorie
I 2014 skal kulturhistoria om Hå vera ferdig. Tre rikt illustrerte band med til saman 1.500 sider.
Her kan du lesa om prosessen og koma med innspel. Det er òg ei side som skal fortelja delar av historia om Hå - gjennom tidslinje, historier, forteljingar, folkedikting, tips om turar og mange andre emne. Det burde vera noko for dei fleste, for som det står i den store tyske romanen Forhistorien av Siegfried Lenz: ...lærer jeg om og om igjen at ens viten om verden begynner med ens viten om hjemstedet.
Flest forteljingar finn du under tidslinja. Klikk deg inn på titlane du finn i venstremargen.
Hå kulturhistorie - Forside
 Publisert 09.09.2010
Her finn du ein quiz som passar frå barn frå første klasse. Spørsmåla dreier seg om geografi og litt av kvart anna frå Hå kommune. Fasiten finn du etter spørsmåla.
 Publisert 09.09.2010
Her finn du 60 spørsmål om historie, Hå og Jæren. Svara finn du nederst på sida.
 Publisert 02.09.2010
Ein desemberdag i 1894 løfta gardbrukar P. Laurits Larsen Horr på ei grastua nedanfor garden på Hårr, om lag midtvegs mellom garden og sjøen. Under fann han det som viste seg å vera ein stor sølvskatt frå vikingtida.
 Publisert 26.08.2010
I den fjerde Varg Veum-romanen, Kvinnen i kjøleskapet frå 1981, tek krimhelten til Gunnar Staalesen vegen til Stavanger. I eit par kapittel mot slutten må Varg ut av byen, og vegen går sørover Jæren. Det er nemleg ei kvinne som er kidnappa og fanga i ei hytte i Sirevåg. Her kan du lesa Gunnar Staalesen si skildring av Jæren i november, sett gjennom auga til ein av dei store krimheltane i norsk krimlitteratur: Varg Veum.
 Publisert 21.07.2010
Soga om Grette Åsmundsson er ei av dei mest kjende islendingesogene. Ho handlar om den råsterke, men ulukkelege Grette. Han er i Noreg to gonger, siste gongen er han på Jæren ei jul. Då vitjar han ein bonde kalla Einar. Også her kjem han opp i ei drapssak. Tidspunktet for heninga er i byrjinga av regjeringstida til Olav Haraldsson (den Heilage), altså i åra mellom 1015 og 1020.
 Publisert 10.06.2010
I arkivet i Danzig (i dag Gdansk) er det ein heil del om tilhøva mellom Noreg og hanseatane, dei kjende handelsmennene. I ein følgjetong frå april og mai 1446 finn me ein episode frå Jæren. Ei hansaskute har søkt ly i Sirevåg i november 1445, men 13. desember vert ho utsett for røveri.
|
|
|