|
Sjå haustprogram for litteraturåret i Hå her:
|
|
|
 Publisert 06.09.2010
Med stranda og havet som kulisse byr me på stemningar og møte med kunst og litteratur frå kl 12 - 17 sundag 12. september. Fortid møter notid i turane som går frå Hå gamle prestegard nordover via hengebru og naust i Håvågen, eller sør til Obrestad fyr, kanonstillingar og bunkerar. Undervegs kan ein få seg ein kaffitår, varm suppe og noko å bita i.
 Publisert 06.09.2010
En morsom tegneforestilling på Hå gamle prestegard der illustratørene Svein og Egil Nyhus tegner og forteller for og sammen med barn. Brødrene lærer bort noen forfattertriks også, og de som har en god idé kan bestemme hvordan historien skal bli.
 Publisert 06.09.2010
Lørdag 11. september kl 20.00 leser Einar O. Risa fra bøkene om den store verden og den lille byen. I tredje bok som omhandler årene 1950-1970 stopper han opp på Nærbø, og vi får høre utdrag fra denne boka som kommer ut 8. september.
 Publisert 03.09.2010
I høst inviterer vi til Hå kulturskoles 40-årsfeiring fra 3-12 september, litteraturtur fra bunkers til naust, kunstprosjekt med bokillustrasjoner og ordet i fokus, opplesninger og forestillinger for små og store.
I september er det også russisk måned med presentasjoner av russiske klassikere, møter med kjente russiske forfattere, paneldebatt, opplesninger, drive-in kino, forestilling, bokutstilling og leseinitiativ i samarbeid med regionale, nasjonale og russiske aktører innenfor litteraturfeltet.
 Publisert 30.08.2010
Hundrevis av kvinner er drepne i grensebyen Juàrez i Mexico Medan amerikanske merkevarefabrikkar profitterer på billig arbeidskraft, dreg fattige kvinner til den tungt belasta grensebyen nord i Mexico for å arbeida med livet som innsats. Etter 17 år og 800 torturerte, valdtekne og drepne kvinner blir dette framleis ikkje etterforska av meksikanske myndighetar. Stadig får me rapportar frå grensebyane nord i Mexico der det ofte er blodige narkotikaopprør, men sjeldan høyrer me noko om alle dei tragiske kvinnelagnadane.
Hå gamle prestegard syner to utstillingar som på ulikt vis tek opp denne tragedien som framleis føregår i Mexico. Utstillingane er og med på å setje søkjelyset på overgrep og drap på kvinner som skjer kvar dag i heile verda.
 Publisert 30.08.2010
4. september kl. 14.00 opnar fire nye utstillingar på Hå gamle prestegard I gamle fjoset viser me installasjonar av tre japanske kunstnarar og tre norske kunstnarar som har samarbeida om tekstilutstillinga CULTEX. I nye fjoset og nye løa har to kunstnarar menneskerettighetar som tema og som setter kvinner som forsvinn i Mexico på dagsorden. Som ein del av utstillingsrekkja med barnebokillustratørar syner me illustrasjonar frå bøker av Svein Nyhus i hovudhuset.
 Publisert 05.08.2010
Du kan vera med å setje fokus på overgrep som skjer dagleg i Juárez og andre stader i verda ved å brodere namnelappar med namna til drepne og sakna kvinner.
 Publisert 22.05.2010
Velkommen til opning av sommarutstillinga på Obrestad fyr sundag 30. mai kl. 14.00
Per Platou JONNY WINKLERS KANON
 Publisert 03.05.2010
Hå gamle prestegard er med på pilotprosjektet Public Screens.
Frå og med 3. mai får du sjå ein allsidig samansetting av 8 kunstnarar som arbeider med video. Programmet er kuratert av Farhad Kalantary.
 Publisert 12.03.2010
På terskelen til Morgonhuset er programmet Hå folkebibliotek,Hå gamle prestegard og Kulturtorget i Hå har laga i leseåret for å skapa interesse og blest rundt lesaropplevingar og leseglede i 2010.
Her er mykje å velja i både for vaksne og barn.
 Publisert 05.01.2007
Hå gamle prestegard har ope kvar dag.
|
|
|