Facts about Hå
Facts about Hå Fakta om HåFacts about HådeutschOther languagesFrancespanskpolsk
Kontaktinformasjon
_
_
Hå kommune.
Rådhusgata 8
Postboks 24
4368   Varhaug
 
E-post : post@ha.kommune.no
 
 
Telefon : 51 79 30 00
Faks : 51 79 30 01
Org.nr. : 964969590
Kommunenr. : 1119
_
Åpningstid : 07:45 til 15:15

Opning av sommarens kunstutstillingar

Fra sans og samling

Velkommen til opning på Hå gamle prestegard lørdag 12. juni kl. 14.00. Stortingsrepresentant Eirin Sund opnar utstillingane På leting etter lyd med Terje Uhrn og Fra sans og samling med Mona Nordaas. Opning av temautstilling Samlaren - du leiter ikkje du finn! ved fylkeskultursjef John Gunnar Johnsen og Per Inge Torkelsen. Etter opninga inviterer Hå gamle prestegard til piknik i hagen. Ta med nistekorg, eller leig korg og kjøp nistemat hjå oss

Utstillingane står til 29. august.

Fra sans og samling
Mona Nordaas

I nye løa på Hå gamle prestegard syner Mona Nordaas ein av sine fantastiske installasjonar. Verket er ein del av kunstnaren sitt pågåande prosjekt som ho har kalla Fra kaos til kreasjon - synteser fra skuffer og skap. Nordaas er oppteken av gjenbruk og miljøvern, av natur og det å være menneske.

"Jeg liker å sette sammen enkeltelementer til en komposisjon som gir ny mening. Sette sammen forskjellige deler så de utgjør en sammenhengende helhet. Jeg finner det mye mer interessant å se slik på tingene enn å sette de opp mot hverandre i dualiteter, som godt og ondt, pent og stygt, rett og galt, humor og alvor".

Installasjonen er satt saman av tusenvis av ting, minner og meiningar. Elementa er sortert etter farge og form og samanstilt til ei foreining som "forteller noe om livets gang og tingenes tilstand".

Mona Nordaas debuterte på Høstutstillingen i 2008 og har i 2010 mellom anna vore med på Vestlandsutstillingen.

Utstillinga vil vera open frå 13.30, då vil Nordaas ferdigstilla installasjonen. Kunstnaren vil óg arbeida i utstillinga sundag 13. juni kl. 13.00 - 15.00.

Utstillinga er støtta av Norsk Kulturråd.

På leting etter lyd
Terje Uhrn
I det nye fjoset stiller Terje Uhrn ut måleriutstillinga På leting etter lyd. Uhrn arbeider innan eit abstrakt, geometrisk språk. Somme gonger er måleria strengt geometriske, andre gonger er dei runde og mjuke i formen. Inspirasjon til arbeida sine finn han ofte i musikk, noko som blir hentyda i titlar på fleire av hans seinare utstillingar.

Om denne inspirasjonen har Uhrn sagt:
"Musikk er en av mine viktigste inspirasjonskilder, og det er ofte musikk som setter i gang arbeidsprosessen med et nytt verk. Bildene mine er naturligvis ikke illustrasjoner til musikk, men de er påvirket av musikalske stemninger, og blir på sett og vis musikalske reiser".

Terje Uhrn har har fleire utsmykkingsarbeid og står bak utsmykkinga av det nye Regjeringsbygget i Oslo (1994). Kunstnaren er innkjøpt av mellom anna Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst. Utdanninga har han frå Statens Kunstakademi (1980 -1984) og Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (1974-1979).

Vel møtt!

 

 

 

 

 

 

 

Søk
Snarveier
  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips en venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Værmelding
Torsdag 09.09Fr
08:00
4.gif
14°C
SE.gif10
14:00
4.gif
17°C
SE.gif10
20:00
4.gif
14°C
SE.gif 7
14:00
4.gif
16°C
SE.gif10
14:00
10.gif
14°C
S.gif11
Hva skjer?
september 2010
mationtofr
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Galleri
Vintermorgon over Kloppsteinen
Vintermorgon over Kloppsteinen
Fotograf: Hå kommune
Ansvarlig redaktør Rådmann Lars Kolnes